Program for 17. mai 2017 i Os kommune

nr1 - Klikk for stort bilete

  • 07.00: Os Musikkforening spelar frå Finnebrekka
  • 10.00: Arrangement på Luranetunet. Tale ved varaordførar Laila Reiertsen. Kulturelt innslag ved Os spelemannslag. Os Musikkforening spelar.
  • 10.00: Gudsteneste i Os Kyrkje. Seniorprest Knut Ivar Askeland og kantor Andrew Holman. Song av Os Mannskor.
  • 11.00: Minneparken. Tale ved Thorstein Skårnes. Song av Os Mannskor.
  • 11.30: Oppstilling til prosesjon på skuleplassen på Os ungdomsskule.
  • 11.45: Korpsa spelar «Ja vi elsker».
    Toget går ut av skuleplassen, over gamlebrua og opp Finnebrekka. Vidare kryssar toget Hatvikvegen, opp gangstien til Haugsneset og vidare opp til sjukeheimen.  Frå sjukeheimen ned Smiebakken til Steinneset, over Osbrua, til høgre inn Brugata, gjennom sentrum og til høgre ved Leganger-bygget (Nordisk Rom) og til slutt inn på Kyrkjeflaten.
    Bilane som vert med i torget, køyrer ned Hatvikvegen, stoggar ved Kiwi og ventar til toget kjem ned att frå sjukeheimen. Bilane hektar seg så på toget att.
  • 12.45: Arrangement på Kyrkjeflaten. (Musikk ved Os skulekorps og Os Musikkforening).
    Opningssong: «Ja vi elsker». Alle syng med.
    Song ved 1. og 2. klassetrinn ved Kuventræ skule. Ossongen. Alle syng med. Ord for dagen ved elevar frå 7.trinn frå Kuventræ skule.
    Tale for dagen ved Erik Vangsnes.
    Kulturelt innslag: «Ja vi elsker» Melodi av Klovner i kamp/Benny Borg. Tekst av Bente Bratlund.
    Tale ved russepresident ved Os Gymnas Anders Skaar og russepresident ved Os Vidaregåande skule  Henrik Vågen.
    Kulturelt innslag Simen Moesgård.
    «Fagert er landet». Alle syng med.
  • 14.00: Slutt.
  • 17.00: Oseana Kunst & Kultursenter i samarbeid med Os kommune.
  • Tradisjonen tru: Osøren Jazzensemble underheld. Gratis entrè.
  • 14–16: Aktivitetar og leikar for born på skuleplassen. Kafédrift i gymsalen med sal av rømmegraut, betasuppe, kaffe, kaker, hot dogs, is, brus og vaflar.
  • 14.30: Frammøte og åpningsord på skuleplassen.
    Velkommen ved representant for FAU.
    Nasjonalsongen. Sang ved elevar i 1 og 2 klasse.
    Ord for dagen av 7 klasse.
  • 14.45: Aktivitetsløypa åpnar.Leikar for barn og vaksne.
    Kafe med sal av lapskaus, cold cat, hot dog, kaffi, kaker, brus og is. Sal av sukkerspinn og gassballongar
  • 16.15: Premieutdeling og trekking av loddbøker. 
  • 16.30: Slutt
  • 13.30: Frammøte på skuleplassen
  • 14.00: Prosesjon går frå skuleplassen til Tveit
  • 14.45: Tale for dagen ved elevar i 7.klasse
  • 15.00: Kafé med sal av betasuppe, hot-dog, kake, kaffe, brus, is, sukkerspinn og popkorn. Leikar og aktivitetar for born og vaksne.
  • 16.00: Fotballkamp mellom foreldre og elevar i 7.klasse
  • 14.00: Salutt. Toget startar frå Halhjem kai og går til Lunde barneskule. Søre Neset musikklag spelar.
  • 15.00: Opning. To vers av nasjonalsongen. Kor ved elevar frå 6.trinn.
  • 15.10: Tale for dagen ved elevar frå 7.trinn. Song ved elevar frå 4.trinn ved Halhjem barneskule. Søre Neset musikklag spelar.
  • 15.20: Aktivitetane startar.
  • 17.00: Slutt.  
  • 10.45: Frammøte i krysset.
  • 11.00: Prosesjon går til skulen. Musikk ved Nore Neset skulekorps. Tale for dagen ved 7.klasse på Strøno barneskule. Sal av brus, is, pølser, kaffe og rømmegraut m. m.
  • 12.00: Aktivitetar og natursti.
  • 13.30: Premieutdeling og trekning av loddbøker.
  • 17-19: Aktivitetar i ungdomshuset Alvheim. Luftgeværskyting, pilkast, kafeteria
  • 14.00: Salutt. Toget går over Skorvane og hovudvegen tilbake til skulen.
  • 14.30: Skulekorpset spelar.
  • 14.45: Hovudtale ved elevar frå 7.klasse
  • 15.00: Leikar for born og vaksne. Sal av is, brus, pølser, rømmegraut, kaffi og kaker.
  • 16.30: Avslutning leikar.
  • 16.45: Premieutdeling.
  • 10.15: Toget stiller opp ved Torsneset
  • 10.28: Salutt.
  • 10.30: Søre Neset musikklag spelar opp og vi syng "Ja vi elsker".
    Russen v/Kongshaug Musikkgymnas syng.
    Toget startar og går til Søre Øyane barneskule
  • 11.30: Toget kjem inn til Søre Øyane barneskule.
    Vi samlast på plassen og syng "Gud Signe vårt dyre Fedreland".
    Tale for dagen ved Elevrådet v/Søre Øyane barneskule.
    Alle syng "Song til Øyane"
  • 11.45: Leikar og konkurransar for små og store.
    Sal av betasuppe, rømmegraut, pølser, kaffi,kaker, is og brus.​​​​​​​​​​​​​​
  • 14.00: Premieutdeling og vandrepokal til "Årets beste 17.mai tog - klasse"
  • 13.00: Opning i Lysekloster ruinar. Hovudtalar for dagen er Andre Marton Pedersen.
    Underhaldning og sang.
  • 14.00: Folketoget går frå Lysekloster ruinar til Lysekloster skule.
  • 15.00: Arrangement på Lysekloster skule. Leikar for born og vaksne. Det blir lykkehjul med flotte gevinstar og sal av sukkerspinn og gassballongar.
  • 08.00: Søfteland musikklag spelar ved Urheim
  • 09.45: Toget stiller opp ved Joker mat
  • 10.00: Toget går om Furuflaten til skulen.
  • 11.00: Søfteland musikklag spelar til allsong. Tale for dagen ved Arne Bjørndal. Borna underheld med song. Tale av elevar i 7.klasse.
  • Etter program på scenen: Sal av kaffe, brus, pølser, os og kaker. Sal av aktivitetskort/klippekort: kr. 100,-
  • 11.45: Kappspringing med premieutdeling for born under skulealder og i 1.-7.klasse. Vi startar med dei minste. Aktivitetar for store og små. Turnoppvisning.
  • 14.30: Premieutdeling og avslutning.
Fann du det du leita etter?