Aktuelt Mon, 20 May 2019 11:39:31 GMT Mon, 20 May 2019 11:39:31 GMT RSS Feed Frå https://oskommune.no/ https://oskommune.no/ Er du vår nye kommunalsjef? https://oskommune.no/aktuelt/er-du-var-nye-kommunalsjef.15197.aspx Os kommune søker etter kommunalsjef for samfunnsutvikling. Den nye leiaren blir sentral i å bygge og utvikle nye Bjørnafjorden kommune, og får ansvar for å levere gode tenester innanfor plan, byggesak, oppmåling, vatn og avløp, eigedomsdrift og samferdsel. Frå 1. januar 2020 blir også kultureininga lagt til samfunnsutviklingsområdet. Her kan du sjå heile utlysingsteksten. Søknadsfristen er 2. juni. aid1715 Mon, 20 May 2019 11:39:31 GMT malys@os-ho.kommune.no (Mari Lyssand) Sjå femteklassingane sine flotte 17. mai-teikningar! https://oskommune.no/aktuelt/sja-femteklassingane-sine-flotte-17-mai-teikningar.15142.aspx Her kan du bla i alle dei flotte teikningane, så skjønar du fort at det var litt av ein jobb for 17. mai-komiteen å velje tre bidrag til 17.mai-programmet for Os kommune. Komiteen landa på desse tre fargerike og forseggjorte motiva frå  Maria i 5c Kuventræ barneskule, Kine i 5c Nore Neset barneskule og Even i 5a på Lunde barneskule.   

Klikk for stort bilete

 

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete

]]>
Kvart år inviterer Kultureininga 5. trinn på alle skulane til å sende inn 17. mai-teikningar. Tusen takk til alle som har teikna, og til skulane som set av tid! Sola skin over Os-bygda på alle dei fine teikningane, akkurat slik det skal vere på nasjonaldagen.aid1699Thu, 16 May 2019 11:25:15 GMTmalys@os-ho.kommune.no (Mari Lyssand)
Velkomen til idédugnad: Fortel oss korleis helse- og velferdstenestene i Bjørnafjorden bør vere https://oskommune.no/aktuelt/velkomen-til-idedugnad-fortel-oss-korleis-helse-og-velferdstenestene-i-bjornafjorden-bor-vere.15165.aspx Vi treng ditt perspektiv, dine erfaringar, innspel og idear for å gjere helse- og velferdstenestene betre og meir treffsikre for brukarar og pårørande i den nye kommunen. Kva er viktig for deg? Du er med dette invitert til iddugnad for helse- og velferdstenestene i Bjørnafjorden kommune. Kommunalsjef for Helse og velferd, leiarar og andre representantar for dei ulike tenestene vil stå på stand for å lytte, svare og lære. Tysdag 4. juni i Eikelandsfjorden samfunnshus i Eikelandsosen, kl. 18-20. Torsdag 6. juni i Tunet kyrkje- og kultursenter på Os, kl. 18-20. Vel møtt! Vi gler oss til å høyre frå deg! aid1709 Tue, 14 May 2019 14:57:21 GMT Sjå kveldens kommunestyremøte direkte eller i opptak på Os kommune-TV https://oskommune.no/aktuelt/sja-kveldens-kommunestyremote-direkte-eller-i-opptak-pa-os-kommune-tv.14905.aspx Sjå kommunestyremøtet direkte eller i opptak her.

]]>
Kommunestyremøtet startar klokka 17, tysdag 14. mai 2019.På saklista står mellom anna forvaltningsrevisjon av informasjonstryggleiken i Os kommune og andregongsbehandling av detaljregulering for Brothaugen Nord.Sjå heile saklista her.I tillegg har Nils-Anders Nøtteseter (MDG) kome med ein interpellasjon om at ordførar og varaordførar sine kalendrar skal vere offentlege på nettsidene til kommunen.Trine Lindborg (Ap) har kome med ein interpellasjon om at kommunen skal kjøpe regnbogeflagg som skal heisast utanfor Os rådhus under regnbogedagane/Bergen Pride, pluss FN sin menneskerettsdag 10. desember.aid1625Tue, 14 May 2019 09:27:23 GMT
Slik blir årets 17. mai-feiring på Osøyro https://oskommune.no/aktuelt/slik-blir-arets-17-mai-feiring-pa-osoyro.15159.aspx Klikk for stort bilete I år stiller prosesjonen opp på grusbanen ved Os ungdomsskule, elles er ruta til 17. mai-toget lik som i fjor. Skular, barnehagar, lag og organisasjonar møter på grusbanen. Rekkefølgen i toget og oversyn over kvar alle skal stille opp blir hengt opp på bukkar. 
Ein del vegar og parkeringsplassar på og rundt Osøyro er sperra, så det gjeld å studere kartet på førehand. Parkering er merkt i kartet. 
- Vi oppmodar alle til å rekne ekstra god tid, seier 17.-mai-arrangør Stine Kobbeltvedt frå Kultureininga.

Mange fine 17. mai-teikningar

Tradisjon tru har alle 5. klassane i Os blitt inviterte til å sende inn 17.mai-teikningar. 17.mai-komiteen har plukka ut tre teikningar som er med i programmet, og dei tre teiknarane har ei lita påskjøning i vente.
- Det var ikkje enkelt å velje ut berre tre. Vi har lagt ut alle teikningane vi fekk inn på heimesida til Os kommune, her kan alle bla gjennom dei fargerike kunstverka, seier Stine Kobbeltvedt. 

Her er dei tre teikningane komiteen har valt ut til programmet. Tusen takk til Maria, 5c Kuventræ barneskule, Kine, 5c Nore Neset barneskule og Even, 5a Lunde barneskule.  

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete

]]>
Programmet for feiringa er klart! Her kan du sjå programmet for Os sentrum og for alle krinsane i kommunen.aid1707Thu, 09 May 2019 13:52:15 GMTmalys@os-ho.kommune.no (Mari Lyssand)
No skal det leikast på Kuventræ! https://oskommune.no/aktuelt/no-skal-det-leikast-pa-kuventra.15146.aspx Elevane på Kuventræ barneskule har gleda seg lenge til onsdag 8. mai klokka 10.00. Då opnar det nye, flotte leikeområdet på skuleplassen. Rektor Olav Røttingen gleder seg g. - Vi har venta i mange år, og er overvelda over kor flott det er blitt. Dette er resultatet av særs godt samarbeid mellom teknisk avdeling og kultureininga i kommunen, skulen, elevrådet og FAU. Rektor er imponert over kor tålmodige elevane har vore. No er det snart slutt på ventinga. Etter den høgtidelege opninga med heile skulen, ordførar, rådmann og kommunalsjef er det fritt fram. - Då blir det frileik! seier Røttingen. aid1701 Tue, 07 May 2019 15:25:36 GMT malys@os-ho.kommune.no (Mari Lyssand) Vi søkjer brannsjef, varabrannsjef og leiar for brannførebyggande avdeling https://oskommune.no/aktuelt/vi-sokjer-brannsjef-varabrannsjef-og-leiar-for-brannforebyggande-avdeling.15110.aspx Tre spennande leiarstillingar til vårt framtidsretta beredskapssenter på Moberg: les meir og søk på finn.no aid1688 Mon, 29 Apr 2019 12:20:59 GMT Industriverksemder kan kutte utslepp med støtte frå Enova https://oskommune.no/aktuelt/industriverksemder-kan-kutte-utslepp-med-stotte-fra-enova.15104.aspx Kva kan bedrifter søkje om støtte til?
  • Spillvarmeutnytting

Industrien har mange varmestraumar som kan utnyttast til varme- eller kraftføremål, men som i dag går til spille. Enova ønskjer å stimulere til auka utnytting av spillvarme, gjennom å auke utbreiinga av teknologi og løysingar som fleire bedrifter kan ta i bruk, og som på sikt har potensial til å kunne etablere seg i marknaden utan støtte.

  • Utfasing av fossile energiberarar

Bruk av fossile energiberarar til varmeformål i industrien gir store klimagassutslepp. Enova ønskjer å stimulere til bruk av klimavennlege alternativ, som:

  • fast biobrensel 
  • varmepumper som ikkje nyttar luft som ekstern varmekjelde, og der arbeidsmediet har GWP (Global Warming Potential - eit mål på dei ulike drivhusgassane sin effekt på global oppvarming) under 100.  Prosjekt som nyttar naturlege arbeidsmedium (til dømes CO2 eller NH3) vil bli prioriterte.
     
  • Landstraum til oppdrettsanlegg

Energibruken i oppdrettsanlegg er i høg grad basert på fossile energiberarar. Enova ønskjer å stimulere til erstatning av fossil energi med klimavennlege alternativ, mellom anna elektrifisering frå land for anlegg der dette er hensiktsmessig.

Kven kan søkje?

Alle verksemder som har industriell produksjon eller eit anlegg av industriell eller prosessrelatert type. Bedrifta må vere registrert i norsk føretaksregister og ha tilstrekkelege økonomiske føresetnader til å kunne gjennomføre prosjektet.

Sjå kort film som presenterer prosjektet.

Slik søkjer du

Les meir og søk på Enova sine nettsider

]]>
Gjennom programmet Energi- og klimasatsingar i industrien, gir Enova støtte til norske industriverksemder som vel å ta i bruk energi- og klimaeffektive løysingar.Formålet med programmet er å gjere klimavenleg teknologi meir tilgjengeleg og bidra til at dagens industriverksemder tar i bruk løysingane raskare, slik at Noreg når målet om å vere klimanøytralt og tilnærma utsleppsfritt innan år 2050. ​​​​​​​Enova er eit statleg føretak underlagt Klima- og miljødepartementet, og har som oppgåve å skape varige endringar i tilbod og etterspørsel etter effektive og fornybare energi- og klimaløysingar.aid1684Wed, 24 Apr 2019 12:33:11 GMT
Har du ein idé til grøn næringsutvikling? Søk om støtte frå fylkeskommunen https://oskommune.no/aktuelt/har-du-ein-ide-til-gron-naringsutvikling-sok-om-stotte-fra-fylkeskommunen.15103.aspx  

 

Kven kan søkje?

  • Organisasjonar
  • Nettverk og klynger
  • Næringshagar
  • Forskings- og utviklingsmiljø (FoU)
  • Kommunar
  • Fleire verksemder i samarbeid

Søknadsfrist: 3. juni 2019.

Les meir og søk på Hordaland fylkeskommune sine nettsider.

Har du ein idé som du lurer på om du kan søkje støtte til?
Næringssjef i Os kommune, Elin Bryn Thorsen, gir deg gjerne råd i forkant av søknadsprosessen.
 

]]>
Hordaland fylkeskommune har sett av 13,5 millionar kroner til næringsutviklingsprosjekt som kan gi auka grøn konkurransekraft i næringslivet i Hordaland.Formålet er å støtte prosjekt som kan bidra til å redusere klimautslepp, samstundes som dei gir verdiskaping, innovasjon og auka kunnskap.Tilskotsordninga Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland 2018-2019 (HNH) opnar for støtte til, til dømes, bioøkonomi, sirkulærøkonomi, berekraftig reiseliv, massehandtering, bygg og andre tiltak for eit berekraftig samfunn.aid1683Wed, 24 Apr 2019 10:52:55 GMT
Strandryddeveka 2019: Bli med å rydde strendene våre! https://oskommune.no/aktuelt/strandryddeveka-2019-bli-med-a-rydde-strendene-vare.15061.aspx Slik blir du med

Ta kontakt med Os Rotary Klubb ved Tore Rogne: rogne.tore@gmail.com, tlf. 932 05 183 eller Øystein Moberg: oystein.moberg@bkkfiber.no. tlf. 911 27 298.
Oppgi kven som er kontaktperson for ditt ryddelag og kva for eit område de ønskjer å rydde.

Os Rotary Klubb deler ut bossekkar og arbeidshanskar, og gir nærmare informasjon om området, sikkerheitsreglar og korleis ryddinga skal gå føre seg. Dersom det er nødvendig å nytte båt, vil klubben organisere skyss.

]]>
Frå måndag 29. april til søndag 5. mai 2019 går vi saman om å rydde strandsona i Os for plast og anna avfall.Os kommune og Os Rotary Klubb inviterer alle frivillige, skuleklassar, barnehagar, lag og organisasjonar til å vere med og rydde desse områda: Televika (Kuhnlevika, Ytre Moberg). Området rundt Ferstadvågen. Området rundt Bjørnevika og Asneset. Området på Røttinga mellom Gullholmane og Skitnevågen Ullsundet på Strønesida, sør for Kattaneset til Grønebakken. Ullsundholmane både på nord- og sørsida.Strandryddeveka er ein del av Hold Norge rent-aksjonen. Hold Norge rent er ein ideell organisasjon som arbeider mot forsøpling.aid1667Tue, 23 Apr 2019 13:24:11 GMT