Eit kurs for deg som er 65+ "Takk bare bra..."

tysdag 12. september 2017 12:30 - tysdag 21. november 2017 14:30

Informasjon

Os kommune ønsker å tilby kurset «Takk bare bra…» for både deg som kjenner deg nedstemt og for deg som ønsker å førebygge depresjon.

Takk bare bra kurs

 

 

Mange opplever ulike former for tap som dårlegare helse, tap av vener eller familie o.l. Dette kan gje kjensle av einsemd, tristleik, uro og bekymringar.

På kurset vil du lære deg metodar for hjelp til sjølvhjelp, slik at du kan få det betre. Gjennom undervisninga vil du lære meir om samanhengen mellom tankar, kjensler, fysiske reaksjoner og kva du sjølv kan endre i eige liv.

Kurset går over 10 veker, med ein kursdag av 2 timer i veka. Maks 10 kursdeltakarar.

Det vert avtalt ein samtale med den enkelte før kursstart.

 

Kurshaldarar:

Bjørg A. Sjøbø, tryggleikssjukepleiar. Mob.nr. 900 12 091

Linda Nordal, sjukepleiar, avd psykisk helse. Mob.nr. 957 31 742

 

Ta gjerne kontakt med oss innan 25.august for meir informasjon og påmelding

 

Oppstart: Tirsdag 12.september

Tidspunkt: kl. 12.30 – 14.30

Deltakaravgift: kr. 400,- for kursbok, inkl kaffi/ te og frukt

Stad: Os Rådhus

Stad

Os rådhus
 

Nettstad: http://

Kontakt

Os kommune
Torggata 7,  5202 Os

Tlf.: 56575000

(E-post): postmottak@os-ho.kommune.no

Nettstad http://oskommune.no

Legg til hendinga i din kalender

Tips oss!

Tips oss om eit arrangement 

Fyll ut skjema og send inn