Festspelkonsert i fjellhallen på Solstrand

fredag 25. mai 2018, 19:00 - 20:30

Informasjon

Fredag 25. mai 2018 arrangerer Festspillene i Bergen ein intimkonsert i fjellhallen på Solstrand. Til fjorårets festspel komponerte Einar Selvik og Ivar Bjørnson eit verk med røter solid planta i vår norrøne fortid. No held dei prisløna musikarane fram ferda langs Nordvegen, skipsleia som er opphavet til namnet Noreg.
Frå Færøyane kjem vokalist og komponist Eivør, kjend for si sterke og samstundes skjøre stemme, for å bli med på reisa. Til saman blir det ei makelaus og melodiøs historieforteljing som peikar på kven vi er og kor vi kjem frå.
Berre 100 plassar tilgjengeleg.

Pris vaksen: 400

Pris born: 190

Nettstad: http://www.fib.no/no/Program/?TLp=1274440

Stad

Solstrand Hotel og Bad
 

Kontakt

Festspillene i Bergen
 

Legg til hendinga i din kalender

Tips oss!

Tips oss om eit arrangement 

Fyll ut skjema og send inn