Bjørnefjorden Turisme - oppstartsmøte

tysdag 13. mars 2018, 18.00 - 20.00

Informasjon

Næringssjefen i Os inviterer alle som driv med turisme i regionen til ei samling i Oseana Kunst & Kultursenter tysdag den 13. mars 2018 kl. 18:00-20:00.

Alle som representerer ei oppleving, ein attraksjon eller ein destinasjon i regionen vår er hjerteleg velkomen. Fleire aktørar har meldt om at dei ynskjer å samla næringa, løfta fram turisme i regionen vår, og gjera attraksjonar og opplevingane hos oss meir kjent og lettare tilgjengeleg for tilreisande frå fjern og nær. 

For turisme må vi tenkje stort, og ser det som viktig å spela saman på tvers av kommunegrensar. Bjørnefjorden regionen inkluderer Os, Fusa, Samnanger og Tysnes. Arbeidsnamnet på prosjektet er Bjørnefjorden Turisme.

«Å vera turist er blant anna å reisa bort frå heimen for ein viss periode, anten med føremål å kopla av frå daglege gjeremål (drivkraft bort frå noko) eller å oppleva noko anna enn kva kvardagen har å by på (trekkjast til noko)».

Vi vil saman med Hans Parnefält frå Os Travel presentera nokon forslag til korleis vi kan få i gang, og mobilisera eit eventuelt samarbeid. Vi er heilt avhengig av bidraget ditt for å få dette til.

Ta turen til Oseana 13. mars og ver med å gje turistnæringa i regionen vår eit løft! Etter møtet spanderer vi kveldsmat i Oseana Kafe & Restaurant. 

Invitasjonen er ope til heile turistnæringa. 
Meld deg på innan fredag 9. mars til næringssjef Daniel Skotheim: dask@os-ho.kommune.no

 

 

Stad

Oseana Kunst- og kultursenter
 

Nettstad: http://oseana.no

Kontakt

Os kommune
Torggata 7,  5202 Os

Tlf.: 56575000

(post): postmottak@os-ho.kommune.no

Nettstad http://oskommune.no

Daniel Skotheim
Legg til hendinga i din kalender

Tips oss!

Tips oss om eit arrangement 

Fyll ut skjema og send inn