Utstillinga "Teikn på Bjørnafjorden": 6. klassingar sine forslag til nytt kommunevåpen

torsdag 7. juni 2018 12.00 - fredag 31. august 2018 00.00

Informasjon

I vår blei alle 6. klassingar i Fusa og Os kommunar inviterte til å teikne sine forslag til nytt kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune. Her kan du lese meir om konkurransen

Alle dei flotte forslaga blir no til ei utstilling i Fusa folkebibliotek og Os folkebibliotek. Forslaga vil tene som inspirasjon for dei profesjonelle kunstnarane som skal formgi det endelege kommunevåpenet.

Ordførar i Os, Marie Bruarøy, står for den offisielle opninga av utstillinga i Os folkebibliotek, torsdag 7. juni klokka 12.

Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, opnar utstillinga i Fusa folkebibliotek fredag 8. juni kl. 9.

Alle skuleelevane som har delteke, er sjølvsagt spesielt inviterte. 

Prosjektgruppa, som består av kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes, kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen og Grete Byrkjeland frå kultureininga i Os kommune, vil trekke ei vinnarklasse på kvar av opningane.

Stad

Os folkebibliotek
 

Tlf.: 56575270

(post): mailto:os.folkebibliotek@os-ho.kommune.no

Nettstad: http://www.osfolkebibliotek.no/

Kontakt

Kultureininga
 

Grete Byrkjeland

E-post : gby@os-ho.kommune.no

Legg til hendinga i din kalender

Tips oss!

Tips oss om eit arrangement 

Fyll ut skjema og send inn