Kulturminnedagane 8. september - 15. september

laurdag 8. september 2018 14.00 - laurdag 15. september 2018 17.00

Informasjon

Temaet for kulturminnedagane i 2018 er «Typisk norsk - ikkje berre norsk»

Kulturminnedagane set søkelys på kva som definerer den norske kulturarva. Kva er norsk og korleis har lokalsamfunnet påverka og blitt påverka i møte med verda, mellom folk og andre kulturar?
 

  • Utstilling
  • Foredrag
  • Rosemålingskurs

Kulturminnedagane logo - Klikk for stort bilete
Arrangørar er Os Sogelag, Fortidsminneforeininga Os lokallag, Stiftinga Lyngheim/ Vener av Lyngheim i samarbeid med Os kommune.

Lyngheim - Klikk for stort bilete

Program for Kulturminnedagane
 

8. sept kl. 14.00 
Opning av utstillinga i Lyngheim ved varaordførar i Os Laila Reiertsen. Veka startar med utstilling av osrosemåling med arbeid av tradisjonsberarane Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund og elevar, med nokre av dei historiske førebileta. 

8. sept kl. 15.00  
Som ein del av kystsogevekene sitt program, vert det foredrag om «Handverksbygda Os» ved Nils Georg Brekke. Filmklipp om treskohandverket i Os presentert av Vidar Bratlund-Mæland.

9. sept kl. 14.00 
Presentasjon av ny strikkedesign, «Osroso», som er utvikla på grunnlag av den tradisjonelle osrosemålinga av designer Iselin Hafseld og prosjektansvarleg Laila Reiertsen. Det vert visning av kolleksjonen for publikum.

15. sept kl. 14.00  
Verkstad med rosemåling for barn ved rosemålar Hjørdis Juvik. 
Gruppe I : småbarn inntil 9 år kl. 14.00 til 14.45  
Gruppe II : barn frå 10-12 år kl. 15.00 til 15.45. 
Sal av kaffi og noko å bita i. Påmelding på førehand til ogj@os-ho.kommune.no

15. sept kl. 16.00  
Foredrag om «rosemålartradisjonen i eit europeisk perspektiv» ved Nils Georg Brekke. Korte dokumentarfilmar av Stig Tornehäd frå Sverige.

Utstillinga på Lyngheim er open kvar dag frå 14.00 til 17.00. 
 

Sal av rosemåla gjenstandar av Torunn Rød Farsund og måla glas av Hjørdis Juvik der dekoren tek utgangspunkt i Os-rosa.
 

Velkommen!
 

(Det er ikkje allmenn parkering på Lyngheim, berre etter avtale). 

Stad

Lyngheimtunet
 

Nettstad: http://

Kontakt

Os kommune
Torggata 7,  5202 Os

Tlf.: 56575000

(post): postmottak@os-ho.kommune.no

Nettstad http://oskommune.no

Legg til hendinga i din kalender

Tips oss!

Tips oss om eit arrangement 

Fyll ut skjema og send inn