Publisert 16.02.2017
Stadaas_ringer_Foto-Erlend_A

Os kommune slengte med leppa før årets Sykle til jobben-aksjon. No svarar Askøy og Fjell på utfordringa og nye, dryge karakteristikkar.

Publisert 15.02.2017
Trafikkkjegle

Driftsrekneskapen for Os kommune viser eit overskot på 40,1 millionar kroner for 2016. Resultatgraden er på 4,6 prosent.

Det er først og fremst høge skatteinntekter som gir godt resultat, men avkastninga på finansporteføljen og lågare utgifter til pensjon bidrar òg til resultatet.

For ordens skuld gjer vi merksam på at rekneskapen ikkje er revidert.

Publisert 15.02.2017
strandboss

Etter nyheita om gåsenebbkvalen som hadde 30 plastposar i magen, har mange fått auga opp for den store mengda plast i naturen og nærmiljøa. Vi inviterer til ryddedugnad i helga!

Publisert 13.02.2017
Arealplanleggjar og primus sykkelmotor Arne-Richard Stadaas

Når Os kommune no hiv seg på aksjonen Sykle til jobben, er det gratis for alle i kommunen å bli med! Vi oppmodar altså eigne tilsette om å ta til sykkelsetet, men også alle andre i Os. Faktisk utfordrar vi dykk!

Publisert 09.02.2017
BG

Den 9. februar kunne næringssjef Daniel Skotheim og ordførar Marie Bruarøy (H) endeleg opne dørene til det nye kontorlandskapet Bjørnefjorden gründerpark i Os. – Møtestader er nøkkelen, sa Skotheim.

Publisert 08.02.2017
brann2

Brannvesenet rykka i fjor ut til 3.138 brannar i norske heimar. Heile 1.344 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren viser tal frå DSB. 132 var i Hordaland. Ein enkel komfyrvakt kan redde heim og liv.

Publisert 03.02.2017
Kommunestyresalen

Her er oversikta over møta i februar. Formannskapssalen og kommunestyresalen er begge i fjerde etasje i rådhuset. Klikk på overskriftene for å sjå sakspapir og detaljar i møteplanen vår.

Publisert 27.01.2017
Formannskapskonferanse

Den 24. januar var det konferanse for formannskap, gruppeleiarar og tillitsvalde i begge kommunar. Politikarane og administrasjonane gjorde seg kjende med kvarandre.

Publisert 16.01.2017
Laila_M_Reiertsen_og_Marie_Bruaroy-2

På det ekstraordinære kommunestyremøtet 12. januar innvilga kommunestyret Terje Søviknes (Frp) sin søknad om permisjon frå ordførarvervet. Kommunestyret sette inn Marie E. L. Bruarøy (H) som ordførar og Laila Marie Reiertsen (Frp) som varaordførar den tida han er statsråd.

Publisert 13.01.2017
osing_20

Os kommune gratulerer Thomas «TomTom» Haugland, som er osing nummer 20.000! Det var i oktober, då tal frå SSB viste at vi bikka 20.000 innbyggjarar, at ordførar Terje Søviknes lyste ut ein konkurranse.

Publisert 12.01.2017
kommunestyresalen

Politikarane skal behandle statsråd Terje Søviknes (Frp) sin søknad om permisjon frå ordførarstillinga i Os og formelt sette inn Marie E. L. Bruarøy (H) som ordførar. Då må dei også velje ny varaordførar. Kommunestyremøtet startar klokka 17.

Publisert 11.01.2017
Ronja Lindbach

Påmeldinga til UKM 2017 for Os og Fusa er no open på ukm.no. Nytt i år er Kulturverkstad på Oseana dagen før UKM, laurdag 11. februar, med sosial kick-off fredag kveld. Kulturverkstaden er ei vidareføring av rockeverkstaden som har vore arrangert fleire gonger i Fusa. Les meir og meld deg på!

Publisert 29.12.2016
Marie_Bruarøy(Foto-Erlend_A

2016 har vore atter eit innhaldsrikt og spennande år for Os kommune. For underteikna blei det ekstra spesielt då Terje Søviknes blei utnemnd til statsråd for Olje- og energidepartementet like før jul, og det blei klart at eg skulle ta over som ordførar. Eg er audmjuk, spent, og særs motivert for oppgåva. Eg gler meg til å fortsetta det gode samarbeidet på tvers av politiske parti, med administrasjonen og med dei tillitsvalde i 2017.

Publisert 21.12.2016
TerjeSøviknes,MarieElisabethLundeBruarøy

Terje Søviknes søker permisjon frå stillinga som ordførar i Os kommune. Varaordførar Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H) er no fungerande ordførar.

Publisert 20.12.2016
Os rådhus

I kommunestyremøtet tysdag 20. desember er budsjettet for 2017 éi av mange saker. Men korleis verkar eigentleg kommunen? Og korleis kan du følge med på kva som går føre seg på rådhuset?