Publisert 18.09.2019

I juni gjekk formannskapet i Os kommune samrøystes og i rekordfart inn for å huse Ung Arena i det nye aktivitetshuset Os Aktiv, som reiser seg ved Landboden på Øsøyro.

Ung Arena skal vere ein møteplass for ungdom. Men det er dei unge sjølve som må fylle Ung Arena med innhald.

Kva har du lyst til å halde på med i dei splitter nye og flotte lokala? No har du sjansen til å vere med å forme fritidstilbodet for deg sjølv og andre unge i framtidige Bjørnafjorden kommune.
SLT-koordinator Elin Tuft og ungdomskonsulent Anne Solberg Andersson inviterer deg frå 12 år og oppover til workshop for Ung Arena, måndag 23. september klokka 14.30 - 16.30 på Bart(t)/ Peppes Pizza. Vi gler oss til å høyre ideane dine!

Publisert 16.09.2019

Bebuarane på Stegen og Grantun bufellesskap skal få eit betre og større tilbod om arbeid og aktivitetar. Bebuarane i desse to bufellesskapa er vaksne med alvorlege psykiske lidingar. Les meir om Grantun og Stegen her.
Har du verktøy, materialar, plantar, hageutstyr eller handverksutstyr som du kan dele med dei, slik at dei kan kome i gang?

Å vere i aktivitet, ha arbeidsoppgåver og skape noko gir mange av oss glede og meining i kvardagen. Det er godt dokumentert at aktivitet gir betre psykisk helse, anten det er fysisk aktivitet eller anna arbeid. Samstundes er menneske med psykiske lidingar mindre aktive enn resten av befolkninga.

Dette ønskjer dei tilsette ved Stegen og Grantun bufellesskap å gjere noko med.

- Det er få tilbod om verna arbeid til målgruppa vår, og vi ser at steget er stort når det gjeld å kome i gang med faste arbeidsavtalar. Difor ønskjer vi å legge til rette for at bebuarane kan få prøve seg på mindre arbeidsoppgåver på avdelinga, fortel avdelingsleiar for bufellesskap psykisk helse i Os kommune, Marie Therese Bjørdal og miljøarbeidar Lars Petter Grønvigh.

Dette ønskjer Stegen og Grantun å få til:

  • Bygge opp mindre uteplassar på området
  • Bygge hagemøblar
  • Plante frukttre
  • Lage drivhus og grønnsakshage
  • Bygge sykkelskur
  • Tilby fleire innandørsaktivitetar, som måling, teikning, matlaging og diverse handarbeid
  • Renovere gamle stolar og liknande til eige bruk.
  • Bygge hønsehus og kjøpe høner

 

Publisert 16.09.2019

 Fem av dei sju partia som fekk plass i Bjørnafjorden kommunestyre etter valet 9. september, er einige om at den nye kommunen skal styrast av Arbeidarpartiet (8 mandat), Senterpartiet (5 mandat), Miljøpartiet Dei Grøne (3 mandat), SV (1 mandat) og KrF (1 mandat). 

Trine Lindborg frå Arbeidarpartiet blir ordførar, medan Harald Lekven frå Senterpartiet blir varaordførar.

Lindborg jobbar i dag i Equinor, medan Lekven er pensjonert politimann med deltidsjobb for Haakonsvern i Ulven leir.

Kommunestyret i Bjørnafjorden konstituerer seg 29. oktober 2019.

Publisert 16.09.2019

Måndag 23. september, kl. 18.30
Barnebarn gjer livet rikare for dei fleste besteforeldre. Korleis kan besteforeldre gjere livet til barnebarna betre og rikare?

Sanitetsforeiningane i Os, Folkeakademiet i Os og Os kommune inviterer til foredrag med Arne Klyve i auditoriet på Nore Neset ungdomsskule måndag 23. september klokka 18.30.

Kaffi/te og enkel servering. Gratis inngang. Velkommen til alle interesserte (det er ikkje eit krav at du er bestemor eller bestefar)!

Publisert 16.09.2019

Omvisninga i Griegsamlingen er eit gratis tilbod til menneske med demens og følgjeperson. Du treng ikkje forkunnskap, og omvisninga blir spesielt tilrettelagd for dei påmelde.
Vi sluttar av med kaffi og ein hyggeleg prat.
Avgrensa tal på plassar.

Publisert 11.09.2019

No er det berre å etla seg te!* Kulturminnedagane held fram, og torsdag 12. september er det på Os folkebibliotek det skjer. Frå klokka 14.00 kan alle barn ta fantasien i bruk, og teikna framtidas museum. Kva blir å finna der? iPad-en og Gameboyen, kanskje? Teikningane blir stilte ut på biblioteket.
Klokka 19.00 kjem Åsmund Lien for å snakka om bokprosjektet "Ord og uttrykk frå Os". Kultureininga i Os kommune har plukka frå dei innsamla dialektorda frå Os og laga Os-ordspelet, som blir presentert før foredraget. Kortstokken er trykt opp i avgrensa opplag, og er til sals for kr 100 under arrangementet. 
På bilblioteket kan du dessutan laga din eigen "button" med Os-uttrykk. Finn din favoritt! Er det skjykkjeskukkjen, kanskje? Eller slonkjo? Geitavis? Hantikka? 

*Etla seg te = Gjere seg klar

Publisert 11.09.2019

 Personstemmer og slengjarar (personstemmer frå dei som stemmer på eit anna parti) er talde opp, og valstyret for Bjørnafjorden kommune si møtebok er godkjent.

Her kan du sjå dei 35 representantane i Bjørnafjorden kommunestyre, pluss kor mange personstemmer og slengjarar dei fekk.

Publisert 06.09.2019
stortingsval2017

 

Valsekretariatet i Bjørnafjorden kommune håpar denne informasjonen kan bidra til ei så smidig valavvikling som mogeleg for både media og oss som jobbar med den praktiske gjennomføringa på valdagen 9. september.

Publisert 05.09.2019

Laurdag klokka 11 bles Os skulekorps i gang Kulturminnedagane 2019 i Os - ei heil veke med trivelege og lærerike arrangement for folk i alle aldrar. Kulturminnedagane (European Heritage Days) går føre seg over heile Europa i midten av september kvart år. Målet er å feira og formidla den mangfaldige kulturarven. Frivillige organisasjonar, museum og kommunar er blant dei som står bak hundrevis av aktivitetar i Noreg. God fornøyelse!

 

Publisert 04.09.2019

 

 

Oppdatert: Det er 30 plassar på den nye parkeringsplassen, for deg som tar buss eller samkøyrer med andre på veg til byen. Her kan du stå gratis inntil 20 timar.
Du treng altså ikkje ha periodebillett på bussen for å parkere på denne plassen, slik vi tidlegare opplyste om.
Les meir i denne artikkelen frå Midtsiden.​​​​​​​

Publisert 03.09.2019

"Takk, bare bra..." er kurset for deg som kjenner deg nedstemt og for deg som ønskjer å førebygge depresjon. Kursstart er tysdag 24. september, kl. 12.30-14.30 på Os rådhus.

På kurset vil du lære deg hjelp til sjølvhjelp, slik at du kan få det betre.

 

Publisert 03.09.2019

 

 

 

Bunadbonanza!
Ei feiring av bunadane i Bjørnafjorden kommune

Utstilling i Griegsamlingen, Oseana kunst- og kultursenter
2. november 2019 – 5. januar 2020

Bunadane i Bjørnafjorden fortel spennande og fargerike historier om bjørnafjordingar gjennom tidene. I november opnar utstillinga «Bunadbonanza!» i Griegsamlingen i Oseana kunst- og kultursenter.
Fusa husflidslag, Os husflidslag, Oseana og Bjørnafjorden kommune står bak denne utstillinga som, omkransa av landskapsmåleri og andre verk frå Griegsamlingen, samlar bunadar til ei storslått feiring av fellestrekk og variasjonar i den rike og høgst levande bunadtradisjonen i regionen vår.

Les meir om utstillinga på bjornafjordenkommune.no

Publisert 26.08.2019

 

Os eldreråd, Os pensjonistforening og Os kommune inviterer til datakafé for seniorar, måndag 2. september kl. 10 - 12 i Os eldresenter, Hamnevegen 40.

Instruktørar frå Sparebanken Vest i Os og Nordea vil gi deg ein-til-ein-opplæring, og hjelpe deg med Bank-ID, nettbank og Vipps. Os og Fusaposten vil hjelpe deg med digital pålogging til avisa. Ta med nettbrett, mobiltelefon, kodebrikke og legitimasjon. Vel møtt!

Publisert 26.08.2019

Os helsestasjon og Os Røde Kors tilbyr førstehjelpskurs retta mot deg som er småbarnsforelder eller har omsorg for barn. Første kurs blei halde i juni, og interessa var så stor at det blir eit nytt kurs 4. september kl 1800-2100. Kursstad er Røde Kors-huset i Kolskogheiane. Her kan du lese meir om kurset og melde deg på. 

Publisert 23.08.2019

Onsdag 21. august sendte vi ut kokevarsel til abonnentar som får vatn frå høgdebassenget på Bjørnen (området er markert på kartutsnittet).
Årsaken var at rutinemessige vassprøver viste indikasjonar på forureining. To ny prøver, tatt med 24 timars mellomrom, viser at det ikkje er forureining i vatnet. Kokevarselet er difor oppheva.

Alle berørte har fått melding om at kokevarselet er oppheva.