Publisert 04.04.2017

Foto: Erlend A. Lorentzen

Om knappe to veker startar årets folkehelseaksjon, "Sykle til jobben". Aksjonen skal vare frå 19.april til 17.juni, og er ingen reindyrka "sykkelaksjon" i arbeidstida.

Publisert 22.03.2017

I dag er det verdas vassdag. Tenkjer du på kor mykje vatn du brukar kvar dag?

Er du «vassøkonomisk»?

I Noreg og også i Os kommune er vi godt vant med at vi har trygt vatn. Det er og stort sett ein sjølvfølgje at det renn i «bøtter og spann» ut av krana og vi treng sjeldan å tenke på kor mykje vatn vi brukar. Like sjølvsagt er det at avløpsvatnet forsvinn ned i sluket eller i doen og blir vekke utan at vi treng å reflektere over kvar det vert av.

Publisert 27.02.2017
Arealplanleggar Mathilde Ilper Johnsen

– Vi veit kor elvemuslingane er og kor hjorten går. No vil vi vite kva stiar barna i kommunen trakkar til skulen og kor dei spring på fritida.

Publisert 16.02.2017
Arealplanleggjar i Os, Arne-Richard Stadaas, går ut mot nabokommunar i fleire kanalar.

Os kommune slengte med leppa før årets Sykle til jobben-aksjon. No svarar Askøy og Fjell på utfordringa og nye, dryge karakteristikkar.

Publisert 15.02.2017

Driftsrekneskapen for Os kommune viser eit overskot på 40,1 millionar kroner for 2016. Resultatgraden er på 4,6 prosent.

Det er først og fremst høge skatteinntekter som gir godt resultat, men avkastninga på finansporteføljen og lågare utgifter til pensjon bidrar òg til resultatet.

For ordens skuld gjer vi merksam på at rekneskapen ikkje er revidert.

Publisert 13.02.2017

Når Os kommune no hiv seg på aksjonen Sykle til jobben, er det gratis for alle i kommunen å bli med! Vi oppmodar altså eigne tilsette om å ta til sykkelsetet, men også alle andre i Os. Faktisk utfordrar vi dykk!

Publisert 09.02.2017
Ordførar Marie Bruarøy klipte nettverkskabelen for Bjørnefjorden gründerpark, og innvia han dermed.

Den 9. februar kunne næringssjef Daniel Skotheim og ordførar Marie Bruarøy (H) endeleg opne dørene til det nye kontorlandskapet Bjørnefjorden gründerpark i Os. – Møtestader er nøkkelen, sa Skotheim.

Publisert 08.02.2017
Illustrasjonsfoto frå ei lokal brannøving

Brannvesenet rykka i fjor ut til 3.138 brannar i norske heimar. Heile 1.344 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren viser tal frå DSB. 132 var i Hordaland. Ein enkel komfyrvakt kan redde heim og liv.

Publisert 03.02.2017

Her er oversikta over møta i februar. Formannskapssalen og kommunestyresalen er begge i fjerde etasje i rådhuset. Klikk på overskriftene for å sjå sakspapir og detaljar i møteplanen vår.

Publisert 27.01.2017

Den 24. januar var det konferanse for formannskap, gruppeleiarar og tillitsvalde i begge kommunar. Politikarane og administrasjonane gjorde seg kjende med kvarandre.

Publisert 16.01.2017
Varaordførar Laila Reiertsen og ordførar Marie Bruarøy

På det ekstraordinære kommunestyremøtet 12. januar innvilga kommunestyret Terje Søviknes (Frp) sin søknad om permisjon frå ordførarvervet. Kommunestyret sette inn Marie E. L. Bruarøy (H) som ordførar og Laila Marie Reiertsen (Frp) som varaordførar den tida han er statsråd.

Publisert 13.01.2017

Os kommune gratulerer Thomas «TomTom» Haugland, som er osing nummer 20.000! Det var i oktober, då tal frå SSB viste at vi bikka 20.000 innbyggjarar, at ordførar Terje Søviknes lyste ut ein konkurranse.

Publisert 12.01.2017

Politikarane skal behandle statsråd Terje Søviknes (Frp) sin søknad om permisjon frå ordførarstillinga i Os og formelt sette inn Marie E. L. Bruarøy (H) som ordførar. Då må dei også velje ny varaordførar. Kommunestyremøtet startar klokka 17.

Publisert 11.01.2017
Ronja Lindbach i UKM Vadsø

Påmeldinga til UKM 2017 for Os og Fusa er no open på ukm.no. Nytt i år er Kulturverkstad på Oseana dagen før UKM, laurdag 11. februar, med sosial kick-off fredag kveld. Kulturverkstaden er ei vidareføring av rockeverkstaden som har vore arrangert fleire gonger i Fusa. Les meir og meld deg på!

Publisert 29.12.2016
Fungerande Os-ordførar Marie E. L. Bruarøy

2016 har vore atter eit innhaldsrikt og spennande år for Os kommune. For underteikna blei det ekstra spesielt då Terje Søviknes blei utnemnd til statsråd for Olje- og energidepartementet like før jul, og det blei klart at eg skulle ta over som ordførar. Eg er audmjuk, spent, og særs motivert for oppgåva. Eg gler meg til å fortsetta det gode samarbeidet på tvers av politiske parti, med administrasjonen og med dei tillitsvalde i 2017.