Publisert 23.05.2017

Kreftteam og kreftkoordinator i kommunen markerer den årlege hudsjekkdagen i anledning Euromelanoma2017. Du finn oss på stand på Amfisenteret tirsdag 23.mai mellom kl. 10.00 og 15.00.

 

Publisert 19.05.2017

5. trekning er no klar. Har du vunne?

Publisert 02.05.2017

Os kommune har engasjert Safe Control Infra for å fotografere det kommunale vegnettet.

Safe Control Infra har ein eigen registreringsbil som tek 360° panoramabilete kvar femte meter på vegen. Samstundes vert GPS-posisjon med høgd og ei rekke andre posisjoneringsdata registrert.

Vegbileta kan brukast til å forvalte vegnettet og deimå takast når det er bart, opphaldsver og dagslys.

Fotograferinga vil skje i næraste framtid og med ein bil liknande den på biletet.

Publisert 28.04.2017

Andre trekning er no klar. Har du vunne?

Publisert 27.04.2017

Det vårast for fullt ute og det kan vere nyttig med ein kort gjennomgang av nokre sentrale trafikkreglar for syklande. Ei rekke av deltakarane i årets folkehelseaksjon har òg kome med spørsmål kring kva for premiar som ein kan vinne ved å delta i "Sykle til jobben 2017".

Publisert 21.04.2017

Første trekning er no klar. Har du vunne?

Publisert 11.04.2017

Årets folkehelseaksjon, "Sykle til jobben" startar ons. 19. april. Meld deg på no, så får du registrert poenggivande aktivitetar frå første dag!

Publisert 04.04.2017

Foto: Erlend A. Lorentzen

Om knappe to veker startar årets folkehelseaksjon, "Sykle til jobben". Aksjonen skal vare frå 19.april til 17.juni, og er ingen reindyrka "sykkelaksjon" i arbeidstida.

Publisert 22.03.2017

I dag er det verdas vassdag. Tenkjer du på kor mykje vatn du brukar kvar dag?

Er du «vassøkonomisk»?

I Noreg og også i Os kommune er vi godt vant med at vi har trygt vatn. Det er og stort sett ein sjølvfølgje at det renn i «bøtter og spann» ut av krana og vi treng sjeldan å tenke på kor mykje vatn vi brukar. Like sjølvsagt er det at avløpsvatnet forsvinn ned i sluket eller i doen og blir vekke utan at vi treng å reflektere over kvar det vert av.

Publisert 27.02.2017
Arealplanleggar Mathilde Ilper Johnsen

– Vi veit kor elvemuslingane er og kor hjorten går. No vil vi vite kva stiar barna i kommunen trakkar til skulen og kor dei spring på fritida.

Publisert 16.02.2017
Arealplanleggjar i Os, Arne-Richard Stadaas, går ut mot nabokommunar i fleire kanalar.

Os kommune slengte med leppa før årets Sykle til jobben-aksjon. No svarar Askøy og Fjell på utfordringa og nye, dryge karakteristikkar.

Publisert 15.02.2017

Driftsrekneskapen for Os kommune viser eit overskot på 40,1 millionar kroner for 2016. Resultatgraden er på 4,6 prosent.

Det er først og fremst høge skatteinntekter som gir godt resultat, men avkastninga på finansporteføljen og lågare utgifter til pensjon bidrar òg til resultatet.

For ordens skuld gjer vi merksam på at rekneskapen ikkje er revidert.

Publisert 13.02.2017

Når Os kommune no hiv seg på aksjonen Sykle til jobben, er det gratis for alle i kommunen å bli med! Vi oppmodar altså eigne tilsette om å ta til sykkelsetet, men også alle andre i Os. Faktisk utfordrar vi dykk!