Publisert 26.11.2018
gutt_i_naturen

Frivillige organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar kan søke Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om tilskot frå Nasjonal tilskuddsordning for lavinntekstfamilier.

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Ordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldras inntekt og sosiale situasjon. 

Søknadsfrist for tilskotsåret 2019 er 10. desember 2018.

Publisert 26.11.2018
Jodtablettar 1

Dersom det skulle skje ei atomulukke, kan radioaktivt jod spreie seg via lufta og bli tatt opp i skjoldbruskkjertelen. Tilskot av naturleg jod blokkerer opptaket av radioaktivt jod og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen. 

 

Publisert 26.11.2018
baronsplassen_vatn

Er du pårørande eller støtteperson for ein vaksen person som slit med alvorleg sjukdom, psykiske problem, sjølvdestruktivitet eller rus?
Treng du hjelp til å ta vare på deg sjølv eller verktøy til å forstå og hjelpe med vanskelege kjensler?

Publisert 23.11.2018

Kokevarsel opphevast for Hamnevegen.

Publisert 14.11.2018
Barn i skogen_72dpi.jpg

Har du fått SMS og/eller e-post med lenke til foreldreundersøkinga?
Os kommune oppmodar alle med barn i barnehage til å delta i undersøkinga som er open i perioden 1. november - 30. november. 

 

Publisert 12.11.2018
OS_INSPIRERER_oran

Møtet i Os kommunestyre 20. november er avlyst på grunn av få innmeldte saker. Neste kommunestyremøte blir 10. desember.

Publisert 07.11.2018
Pepperkakebygd

Vil du vere med å lage den største og flottaste pepparkakebygda Os har sett? Dette er ein invitasjon til alle privatpersonar, skular, barnehagar, bedrifter, organisasjonar, lag og andre kreative osingar. 

Publisert 02.11.2018
Oshallen og Osbadet

Velkommen til offisiell opning av den nye fleirbrukshallen på Kuventræ! 

Søndag 11.11.2018 kl. 11:11

 

Publisert 01.11.2018
Lekkasjesøk

Mykje vatn forsvinn på vegen mellom vasskjelda og krana di heime på grunn av hòl og brot i leidningsnettet.
For å tette lekkasjar, vil vi drive lekkasjesøk på vassleidningsnettet i haust og vinter.
Bergen Vann utfører arbeidet på vegne av Os kommune. Arbeidet vil gå føre seg til ulike tider, også nattestid.
Nokre gonger kan det bli nødvendig å krysse private eigedomsgrenser i samband med søk. Vi håpar på forståing for dette.

Publisert 31.10.2018
morg_og_barn

Vi går inn i eit spennande 2019. Bygginga av Bjørnafjorden kommune blir den store oppgåva, samtidig som vi framleis skal levere gode, rette tenester av høg kvalitet til osingane.

 

 

 

 

Publisert 30.10.2018
Jogger i skog_72dpi

Treng du ein ekstra dytt for å kome i gang med regelmessig trening? 
Frisklivstrening er treningsgrupper for deg som vil kome i betre form, men som av ulike årsakar kvir deg til å gå på treningssenter.
Vi trener på dagtid i ein time, éin dag i veka. Å trene saman med andre er hyggeleg - i tillegg gir det motivasjon.

Tilbodet er for deg som er i yrkesaktiv alder og som treng ein ekstra dytt for å kome i gang med regelmessig trening.

Les meir om dei ulike treningsgruppene og meld deg på her

Publisert 29.10.2018
1200px-Crystal_glass

1. november arrangerer Os kommune kurset «Ansvarleg vertskap» for styrar og avløysar i næringar som har sals- og skjenkeløyve i kommunen.
Kurset tar for seg samarbeidsforholdet mellom bedrifta di, politi, skjenkekontor, Securitas og saksbehandlarane i kommunen. Målet for kurset er at vi skal dra nytte av kvarandre sin kunnskap.

Foredragshaldarane er mellom anna psykologspesialist Erik Iversen, som skal prate om alkoholen si rolle i samfunnet og medisinske verknader av alkohol, og Frank Ove Andersen, som skal forklare korleis skjenkekontrollar blir gjennomførte i praksis og kva du må ha på plass for å unngå avvik.

Alle som deltar på kurset får kursbevis.

Tid: Torsdag 1. november 2018, kl. 09.00-16.00

Stad: Tunet kyrkje- og kultursenter (Eldstova)

Gratis lunsj klokka 11.45.

Det blir tid til spørsmål og diskusjon i etterkant av innlegga. Vel møtt!

Bindande påmelding til SLT-koordinator Elin Tuft så snart som mogleg: eltu@os-ho.kommune.no

 

Publisert 22.10.2018
Eigenberedskap 1

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn der vi er vane med at det meste fungerer som det skal. Livet i Noreg er heilt avhengig av mellom anna straum, vatn og internett – og nettopp dette gjer oss sårbare.

Publisert 22.10.2018
Influensa

Årets influensavaksine er no klar. Influensavaksine er først og fremst tilrådd til personar som risikerer alvorleg sjukdom eller død dersom dei blir smitta av influensa.

Publisert 04.10.2018
Osrose_72dpi

Det skal vere enkelt å få hjelp og svar i Os kommune. 
Vi ønskjer å vite meir om korleis du vel å kontakte oss i kommunen i dag - og kva vi kan gjere for å gi deg endå betre service når vi blir Bjørnafjorden kommune i 2020.