Publisert 08.03.2019

Faktura for kommunale gebyr for første termin 2019 har nettopp gått ut. På grunn av ein feil, har diverre mange fått papirfaktura i postkassa, sjølv om dei har e-fakturaavtale med Os kommune.

Vi beklagar dette!
Du må legge fakturaen inn manuelt i nettbanken denne gongen, men du treng ikkje opprette ny e-fakturaavtale med Os kommune. Neste faktura for kommunale gebyr skal kome rett i nettbanken som vanleg.

Publisert 07.03.2019

Vi har nettopp sendt ut faktura for kommunale gebyr for første termin 2019. Du som er kopla til det kommunale avløpsnettet, reagerer kanskje på at avløpsgebyret er høgare enn i fjor?
Årsaka er at Os kommune har gjort store investeringar innan avløpsområdet, mellom anna det nye hovudreinseanlegget OHARA.
Vass- og avløpsområdet er eit såkalla sjølvkostområde. Dette vil seie at alle kostnadar innanfor området må dekkast inn av gebyrinntekter. Når kostnadane aukar, som dei gjer no, må vi diverre òg auke gebyra.

Publisert 05.03.2019

Vi veit kor hjorten går, og kor elvemuslingane og augestikkarane held til. Men kor ferdast ungane våre? Og kva tenker dei om nærmiljøet sitt?

Sjå filmen om barnetråkk-kartlegginga i Os

- Kva om vi gir byggeløyve rett over ein mykje brukt snarveg eller i ein god klatreskog, rett og slett fordi vi ikkje visste om stien eller trea? seier prosjektansvarleg for barnetråkk-kartlegginga i Os kommune, Mathilde Ilper Johnsen.
Barn og unge har lovfesta rett til å bli høyrde og medverke i lokalsamfunnet.
Barnetråkk er eit digitalt verktøy og undervisningsopplegg som let barn fortelle planleggarar, kommunen og lokalpolitikarar korleis dei brukar staden der dei bur og kva dei vil ha annleis. Les meir på www.barnetrakk.no

Alle elevar i 5. og 8. trinn på skulane i Os kommune var inviterte til å vere med å registrere kor dei ferdast i kvardagen, og markere hyggelege, fine og mindre fine område dei ferdast i og forbi. Dette er viktig detaljkunnskap for alle som lagar arealplanar.
 

 

 

Publisert 05.03.2019

Bli med å vise fram breidda i alt som rører seg innan kunst, kultur, musikk, idrett, natur og anna i den nye kommunen vår i løpet av 2019. Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune har sett av kr 250 000,- til eit fond kor lag og organisasjonar kan søkje om midlar til å gjennomføre aktivitetar innan 1.1.2020.

Les meir og søk her.

Publisert 05.03.2019

Støttesenter for kriminalitetsutsette gir hjelp og rettleiing til alle som treng støtte etter å ha vore utsett for kriminelle handlingar. Dersom du har vore utsett for vald, trugslar, utpressing, hatkriminalitet, seksuelle overgrep, mishandling eller krenkingar kan støttesenteret gi deg 

 

  • informasjon om rettsprosessen, og støtte deg som vitne under ei eventuell rettssak.
  • rettleiing og informasjon om det å anmelde.
  • støtte gjennom straffesaksprosessen, frå politianmeldelse til saka er avgjort.
  • hjelp til å søkje valdsoffererstatning frå staten.

Støttesenter for kriminalitetsutsette er eit offentleg og landsdekkjande tilbod.
Ta kontakt på telefon 800 40 008, eller e-post stottesenter.vest@politiet.no.
Les meir på politiet.no/stottesenter 
 

Publisert 14.02.2019

Os kommune sin årsrekneskap syner eit udisponert overskot på 46,9 millionar kroner. 

Høg resultatgrad
Netto driftsresultat er på heile 105,8 millionar kroner. Det tilsvarar ein resultatgrad på 6,49%. Staten tilrår at kommunane over tid bør ha ein resultatgrad på 1,75%.
Os kommune har med årets resultat levert resultatgrad høgare enn staten sine forventningar for sjuande år på rad.
I tillegg til udisponert overskot er det gjort avsetjingar på i alt 155,4 millionar kroner, m.a. bundne avsetjingar knytt til overskot i SIO-prosjektet (Statleg finansiering av omsorgstenestene).

Tenesteeiningane leverer plusstal
Tenesteiningane leverer jamt over resultat i pluss. Samstundes sikrar midlar frå premiefondet i KLP, Havbruksfondet, skatteutjamningsmidlar og lågare utgifter til pensjon i sum eit svært godt resultat. 
Os kommunestyre kjem tilbake med disponering av overskotet etter at rekneskapen er revidert og godkjend.

 

Publisert 11.02.2019

Frist for å leggje inn ny søknad om barnehageplass i for 2019/20 er 1. mars

Har du alt ein søknad liggjande inne? Då må du bekrefte denne innan 15. februar.

Søk og bekreft barnehageplass på oskommune.no/barnehage

Publisert 04.02.2019

Lag, organisasjonar eller enkeltutøvarar innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv kan søkje Os kommune om tilskot frå ordningane Kulturmidlar, Kulturelt utviklingsprogram (KUP) og Den kulturelle spaserstokken.
Les meir om ordningane og fyll ut elektronisk skjema.
Søknadsfristen er 1. mars.   

Publisert 01.02.2019

Om mindre enn eitt år blir Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylke, og no inviterer fylkespolitikarane til dialogmøte. Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vera satsingsområde dei første åra i det nye fylket. Representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar blir invitert spesielt. 
Politikarane ønskjer seg innspel frå alle som har noko på hjartet, og som vil påverke vegvala for den nye fylkeskommunen sitt arbeid med samfunnsutviklinga. Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane) deltek på alle møta, og framtidig fylkesrådmann Rune Haugsdal kjem for å orientere om korleis den nye fylkeskommunen blir organisert.  
Frå kommunane kjem det innlegg om kva som er dei viktigaste tema for felles satsingar framover. 

Det første møtet er i Bergen 4. februar. Sjå tid, stad og program for alle dialogmøta.    

Publisert 28.01.2019

No er Os kommune ein del av det regionale nettverksprosjektet Klimapartnere Vestland
30 offentlege og private verksemder i Hordaland er med i nettverket, som er eit samarbeid mellom Klimapartnere Agder, Norsk Klimastiftelse og Hordaland fylkeskommune.
Målet med nettverket er å redusere klimagassutslepp og stimulere til grøn samfunns- og næringsutvikling i regionen vår.

På biletet, f. v.: Prosjektleiar Klimapartnere Vestland Anne-Kathrine Torvund, varaordførar i Os, Marie Bruarøy (H) og ordførar i Os, Terje Søviknes (FrP).

Publisert 28.01.2019

Er du mann mellom 25 og 55 år? Mottek du yting frå NAV? Kan du tenkje deg å bli helsefagarbeidar? Då kan dette vere noko for deg. 

Os kommune er med i prosjektet Menn i helse. Deltakarane får tittelen helserekrutt, og følgjer eit komprimert utdanningsløp fram til fagbrev som helsefagarbeidar. Ta kontakt med rettleiaren din hos NAV Os for å finne ut om dette kan passe for deg!
 
Informasjonsmøte på NAV Bergenhus 29. januar kl. 12-14. 
Les meir på mennihelse.no
 

Publisert 15.01.2019

Bur eller arbeider du på Nore Neset? No har du sjansen til å påverke utviklinga av Nore Neset som nærsenter. 
Korleis er det å bu på Nore Neset? Kva er Nore Neset for deg? Kva er bra? Kva saknar du? Dette er spørsmål Os kommune gjerne vil drøfte med deg som kjenner Nore Neset.
Måndag 21. januar klokka 18.00-20.00 er det grendamøte på Nore Neset ungdomsskule. Lag, organisasjonar og privatpersonar kan gjerne kome med innspel før møtet. Send e-post til noreneset@asplanviak.no.  
Tysdag 22. og onsdag 23. januar mellom klokka 12.00 og 18.00 er alle interesserte velkomne innom til ein prat på ope prosjektkontor i Nore Neset aktivitetshus.   

Publisert 15.01.2019

På grunn av arbeid med ventilasjonssystemet på Os rådhus, vil hovudinngangen til rådhuset vere utilgjengeleg frå og med torsdag 17. januar til og med torsdag 24. januar. Publikum kan nytte inngangen til Kommunetorget på Øyro-sida heile denne perioden.
Tysdag 22. januar vil heile parkeringsplassen på framsida av rådhuset vere avsperra mellom kl. 07.00 til 17.00. Sjå illustrasjon (klikk for større bilete).
 

Publisert 09.01.2019

Meld deg på foreldreførebuande kurs! Kurset er eit tilbod til førstegongsfødande som ønskjer å førebu seg på fødsel, amming, barseltid og foreldrerolla. Os helsestasjon og nærjordmorsenter er ansvarleg for kurset.
Foreldreførebuande kurs går over fire kveldar, fordelt på to veker. Kurshaldarar er jordmor, psykolog og helsesjukepleiar (tittelen som erstatta helsesøster frå 1.1.19). Kurset passar best rundt svangerskapsveke 30. Kursdeltakarane er vordande mødrer saman med vordande fedrar, medmødrer, bestemødrer og andre støttepersonar. Det blir seks kurs i 2019.  

Kursdatoar og meir informasjon finn du her

Publisert 09.01.2019

Onsdag 9. januar klokka 12 vil Sivilforsvaret gjennomføre ei varslingsprøve over dei offentlege lydgivarane i Os.
Du vil høyre signalet "Viktig melding - lytt på radio", som består av tre signalseriar med tre lange støt, med eit opphald på eitt minutt mellom seriane.