Betalar du rekningar frå Os kommune med brevgiro? Då må du lese dette

Klikk for stort bilete Os kommune har tatt i bruk ei ny løysing for utsending av fakturaer. Dette betyr at sjølve blanketten du får i posten frå oss òg ser annleis ut enn tidlegare. Blanketten har ikkje lenger ein del nedst som du kan rive av og legge i konvolutten når du betalar ved hjelp av brevgiro.

Dersom du skal betale med brevgiro, må du no fylle ut alle nødvendige på ein tom giroblankett:

  • Betalaren sitt bankkontonummer
  • Betalt av
  • Betalt til
  • KID
  • Kroner og øre
  • Til konto

Du kan så rive av girodelen, legge i konvolutten og sende på vanleg måte.
Tome giroblankettar får du gratis i banken din, i Kommunetorget og på Luranetunet. Her kan du òg få hjelp til å fylle ut.

Dersom du ikkje har nettbank eller andre digitale betalingsløysingar, vil oppretting av AvtaleGiro vere ei god løysing. Med AvtaleGiro syter banken din for at rekningane blir betalte direkte frå kontoen din på forfallsdato.

Les meir om ulike måtar å betale rekningar frå Os kommune på.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt.

Kontakt

Lise Birkeland Kvittingen
regnskapssjef
Telefon: 56 57 50 56
Mobil: 932 14 503