Bli bøsseberar 20. oktober!

Klikk for stort bileteDen 20. oktober kan søndagsturen din utgjere ein skilnad. Då går TV-aksjonen 2019 av stabelen, til inntekt for CARE sitt arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokre av dei mest sårbare områda i verda. TV-aksjonen skal gi kvinner mogelegheit til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få stemma si høyrt. 
I Os trengst 200 bøsseberarar for å dekke heile bygda. Koordinator for aksjonen i Os kommune, Tove Hille, er halvvegs til målet, med om lag 100 registrerte så langt. Bøsseberarane går i om lag to timar mellom klokka 15.00 og 18.00. Du kan melde deg som bøsseberar på blimed.no eller til Tove Hille på tlf. 916 72 910. Bli med! Din innsats kan bety mykje for mange.