Bli med å lage Os i pepparkaker!

Pepperkakebygd - Klikk for stort bilete Vil du vere med å lage den største og flottaste pepparkakebygda Os har sett? Dette er ein invitasjon til alle privatpersonar, skular, barnehagar, bedrifter, organisasjonar, lag og andre kreative osingar. 

Vi ønskjer oss di tolking av bygg og stader i Os - i pepparkakedeig! Det kan vere skulen, barnehagen, arbeidsplassen, bustaden din eller andre ting du synest er fint. Det er sjølvsagt rom for kunstnarisk fridom. 

Opning under fakkelfredag 30. november

Utstillinga vil stå i Os blomsterservice sine gamle lokale på torget, og skape stemning for store og små i desember. Den offisielle opninga vil vere under fakkelfredag 30. november 2018.

Har du lyst å sette ditt preg på pepparkake-utgåva av Os?

Ta kontakt med Stine Kobbeltvedt, kulturkonsulent i Os kommune om du vil bidra.
E-post: stko@os-ho.kommune.no
Telefon: 56 57 52 64

Frist for å levere ditt pepperkakebidrag er tysdag 27. november 2018. 

Lever ditt bidrag i blomsterbutikken sine gamle lokale på torget i løpet av 27.november. Tidspunkt kjem seinare.