Bli med på vikingtur!

Klikk for stort bileteFredag 21. juni inviterer Os frivilligsentral i samarbeid med Fjordfolk til gratis turar med Bygstadskipet. Det staselege fartøyet er ein nedskalert tru kopi av Gokstadskipet, 38 fot langt, med ti årepar (og for sikkerhets skuld ein liten motor). 
Turane går frå Oselvarnaustet mellom klokka 12 og 16. Det er plass til 15 om bord, og kvar tur blir på maks ein time, avhengig av kor mange som melder seg på. Undervegs fortel skipper Helge Kårstad vikinghistorier. 
Vil du vere med? Send ein e-post snarast til thh@os-ho.kommune.no. Har du spørsmål? Ring Tove Hille på 91672910 eller 56575263.