Borgavegen periodevis stengd for biltrafikk frå 28. oktober til 29. november

Klikk for stort bileteGrunna gravearbeid vil Borgavegen vere stengd mellom Borgavegen 142 og Hjellevegen 1 A-F (sjå illustrasjon) kl. 9 -14, måndag til fredag i perioden 28. oktober til 29. november 2019.

Gåande, syklande, skulebuss og utrykkingskøyretøy kan passere anleggsområdet, men vi ber om at alle viser aktsemd ved passering.

Gravearbeidet skuldast at Borgavegen skal utvidast med fortau, i tillegg til legging av ny vassleidning. Dette må på plass før Borgafjell barneskule kan byggast.

Kontakt

Lene Jeanett Nordstrønen
prosjektleiar
Telefon: 56 57 53 06
Mobil: 926 18 934