Budsjett 2019: Til offentleg ettersyn

Innstilling til budsjett frå Os formannskap er lagt ut til offentleg ettersyn, og budsjettframlegga frå partia er no klare. 

baronplassen - Klikk for stort bilete

Sjå Rådmannen sitt framlegg til budsjett slik den blei lagt fram tidlegare i haust.  

Os formannskap si innstilling til budsjett for 2019 og økonomiplan 2019 - 2022, inkludert gebyr- og prisliste for 2019, vart lagt ut til offentleg ettersyn i Kommunetorget og på oskommune.no 04.12.2018. Kommunestyret vil vedta det endelege budsjettet 18.12.2018.

Har du merknader til budsjettframlegget?
Send dei på e-post til: postmottak@os-ho.kommune.no eller lever i Kommunetorget innan 17.12.2018.