Derfor er vi med på Eigenberedskapsveka 2019

Klikk for stort bileteGrill eller kokeapparat som går på gass, er praktisk å ha dersom straumen blir vekke over fleire dagar. G. Røkeberg/DSB  Har du alt du treng for å klara deg sjølv i tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? 28. oktober startar den landsdekkjande Eigenberedskapsveka 2019. Vi i komande Bjørnafjorden kommune er med på markeringa. Følg med på begge sider av fjorden!

Målet med Eigenberedskapsveka 2019, som varer frå 28. oktober til 3. november, er å auka folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar.

Styresmaktene tilrår nemleg at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betra sin eigen beredskap.

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lesa på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klara deg heime i minst tre døgn (72 timar).

Dette gjer vi i Bjørnafjorden/Os og Fusa

Butikkane på Fjord'n Senter og i Amfi Os har rigga til utstillingar med det du treng i eigenberedskapslageret ditt i heimen. Onsdag 30. oktober kjem nyvald ordførar for komande Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg, til Eikelandsosen for å opna utstillinga i Fjord'n Senter. Det blir òg informasjon om jodtablettar til barn og unge ved kommuneoverlege Klaus Melf.

Apoteka i Fusa og Os er med på markeringa. Og vi sjekkar korleis det står til med eigenberedskapen.

Kvifor eigenberedskapsråd no?

Det er fleire forhold som gjer at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føra til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett.

I tillegg er vi som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og om vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Test deg sjølv!

Her finn du ei lita eigenberedskapsøving som du kan gjennomføra i heimen.