Det er lett å bli sett - bruk refleks!

Klikk for stort bileteDet finst 20 millionar refleksar i norske heimar, men så lenge dei ligg i ei skuff, gjer refleksbanda, -brikkene og -vestane ingen nytte. I dag er det Refleksdagen, ei årleg markering i regi av Trygg Trafikk. Ei undersøking viser at ni av ti nordmenn meiner refleks hjelper for å bli sett i mørkret, likevel er det berre fire av ti som alltid brukar refleks når det er mørkt. Kvifor? Vi gløymer det, og dei vaksne er verstingane. 

Går du utan refleks, har ein bilist som køyrer i i 50 km/t berre to sekunder på å sjå deg. Brukar du refleks, ser bilisten deg ti sekund tidlegare. Halvparten av alle norske bilistar har opplevd å nesten køyre på nokon, fordi dei ikkje har sett dei i mørkret. Det er heldigvis lett å gjere noko med. Os kommune sluttar seg til oppmodinga frå Trygg Trafikk: Bruk fem minutt i dag på å feste refleksar på jakker, sekkar og bagar. Då er du mykje tryggare langs vegen i dei mørke månadene som kjem.