Dialogmøte om Vestland fylke

Klikk for stort bileteOm mindre enn eitt år blir Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylke, og no inviterer fylkespolitikarane til dialogmøte. Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vera satsingsområde dei første åra i det nye fylket. Representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar blir invitert spesielt. 
Politikarane ønskjer seg innspel frå alle som har noko på hjartet, og som vil påverke vegvala for den nye fylkeskommunen sitt arbeid med samfunnsutviklinga. Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane) deltek på alle møta, og framtidig fylkesrådmann Rune Haugsdal kjem for å orientere om korleis den nye fylkeskommunen blir organisert.  
Frå kommunane kjem det innlegg om kva som er dei viktigaste tema for felles satsingar framover. 

Det første møtet er i Bergen 4. februar. Sjå tid, stad og program for alle dialogmøta.