Difor er det lurt å ha jodtablettar heime

Klikk for stort bilete Dersom det skulle skje ei atomulukke, kan radioaktivt jod spreie seg via lufta og bli tatt opp i skjoldbruskkjertelen. Tilskot av naturleg jod blokkerer opptaket av radioaktivt jod og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen. 

 

Kven skal ta jodtablettar?

Er du under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime? Då anbefaler myndigheitene deg å ha jodtablettar liggande heime, for å vere på den sikre sida.

Det er spesielt viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tar tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsette for radioaktivt jod. I heilt spesielle situasjonar kan det òg vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år, medan dei over 40 år har svært låg risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje ta jodtablettar. Dersom du har operert bort skjoldbruskkjertelen, treng du heller ikkje ta jodtablettar

Kor kan du kjøpe jodtablettar?

Du kan kjøpe jodtablettar reseptfritt på apoteket.

Når skal du ta tablettane?

Du skal berre ta tablettane dersom myndigheitene gir råd om det.
I tilfelle ei atomulukke, vil myndigheitene informere gjennom media, kommunen, stralevernet.no (dsa.no frå 1.1.2019) og helsenorge.no

Her finn du meir informasjon

Les meir om kvifor Statens strålevern anbefaler oss å ha jodtablettar liggande heime