Elin Bryn Thorsen er tilsett som ny næringssjef

Os kommune har tilsett Elin Bryn Thorsen (29) som ny næringssjef. Bryn Thorsen har ein mastergrad i entreprenørskap og innovasjon fra NTNU, og kjem frå stillinga som fagansvarleg for høgare utdanning i Ungt Entreprenørskap Telemark. Ho vil ta til i stillinga 1.april.

- Vi mottok heile 24 søknader då stillinga vart lyst ut i haust, og vi har vore gjennom ein grundig tilsettingsprosess med fleire gode kandidatar. Bryn Thorsen har, trass i sin unge alder, både dei faglege og personlege kvalifikasjonane vi søkte, og det skal bli spennande å få henne med på laget, seier ordførar Terje Søviknes (FrP).

- Dette er ei stor og spennande utfordring, og eg ser verkeleg fram til å ta del i utviklinga av næringslivet i Os og etter kvart Bjørnafjorden kommune. Os er ein av Noregs mest dynamiske kommunar, og framtidsutsiktene er gode med både ny E39 Os-Bergen, Lyseparken og utviklinga av regionsenteret Osøyro, seier Elin Bryn Thorsen.
- I tillegg til å vidareføre det gode arbeidet som tidlegare næringssjef Daniel Skotheim la ned, ser eg for meg to hovudfokus framover. For det første må vi legge til rette for innovasjon og vekst i det eksisterande næringslivet, til dømes i samband med arealsaker og bruk av det offentlege verkemiddelapparatet, som Innovasjon Norge, Forskingsrådet og Skattefunn. Det andre fokusområdet blir å trekke nye verksemder til Os, både til Lyseparken, Osøyro og resten av kommunen. Potensialet er stort, oppsummerer Bryn Thorsen.