Elisabeth Farstad er tilsett som organisasjons- og innovasjonssjef

Elisabeth Farstad er tilsett som organisasjons- og innovasjonssjef - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Loodtz, Bergen kommune

Namn: Elisabeth Farstad
Alder: 56
Kjem frå: Noko udefinerbart. Budd i Bergen store deler av sitt liv og fødd på Vestlandet. Har budd mange år i USA og flytta ein del i inn- og utland.
Bur: Bergen
Karriere: Journalist i lokalavisa i Lillehammer Dagningen, jobba i TV2, vore i Informasjonsavdelinga i Bergen kommune i over 20 år, og sidan oktober 2015 har ho vore assisterande rådmann i Fusa kommune.


Mange gode kandidatar

Dei siste månadene har det vore ei prosess med tilsetting av organisasjons- og innovasjonssjef i Os kommune. Stillinga fekk inn over 30 søkjarar og det var mange gode kandidatar. Etter eit utval vart det 7 personar til intervju, testing og samtalar. Det er Headvisor rekrutteringsbyrå som har stått for prosessen. 

«Det har vore ein omfattande, god og spanande prosess der assisterande rådmann i Fusa, Elisabeth Farstad no har fått tilbod og vil takke ja til stillinga», seier rådmann Christian Fotland.

Elisabeth har lang fartstid i Bergen kommune før ho for eit par år sidan starta som assisterande rådmann i Fusa. Ho har det siste året før Nils-Petter Borge gjekk inn i rådmannsstillinga fungert som rådmann. Elisabeth har bakgrunn frå informasjonsavdelinga i Bergen kommune der ho har vore i fleire funksjonar, mellom anna konstituert informasjonsdirektør.

«Vi er utruleg nøgde med at Elisabeth blir vår nye organisasjons- og innovasjonssjef. Ho vert gjennom denne stillinga også prosjektleiar for stabsavdelingane i samband med kommunereforma», seier Christian.

Gler seg å bli betre kjent med Os

Elisabeth gler seg til tiltreding, og seier ho vil møte stillinga med eit opent sinn. «Dette har eg god erfarring med frå tidlegare», smiler ho. Ein viktig del av stillinga vil vere kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa, og dette vil by på mange mogelegheiter når det gjeld innovasjon. «Dette mogelegheitsbilde er noko mange av kommunane som ikkje skal slå seg i saman misunn oss», seier ho.

Elisabeth er godt kjent med Fusa etter dei to åra der, og dette er ein stor fordel i arbeidet framover. «Eg gler meg spesielt til å bli betre kjent med Os og få betre innsikt i "kvar skoen trykker". Eg vil setje av tid i starten til å få oversikt over Os og bli kjent med kulturen og dei tilsette i Os kommune», seier Elisabeth.