Er du 65+ og føler deg nedstemt?

solnedgang_i_skog - Klikk for stort bilete "Takk, bare bra..." er kurset for deg som kjenner deg nedstemt og for deg som ønskjer å førebygge depresjon. Kursstart er tysdag 2. oktober, kl. 12.30-14.30 på Os rådhus.

På kurset vil du lære deg hjelp til sjølvhjelp, slik at du kan få det betre.

Kurset går over ni veker med ein kursdag i veka à to timar. Vi avtaler ein samtale med kvar enkelt kursdeltakar før kursstart.

Deltakaravgift kr 400,- for kursbok og lett servering.

For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med kurshaldarar tryggleikssjukepleiar Bjørg A. Sjøbø, tlf. 900 12 091/bjas@os-ho.kommune.no og psykiatrisk sjukepleiar Anne Britt Røttingen, tlf. 982 34 466.

Velkomen!