Er du bekymra for din eigen eller andre sin branntryggleik? Send bekymringsmelding via branntips.no

Klikk for stort bileteVeit du om ein brannfarleg situasjon hos nokon du kjenner eller bur i nærleiken av?
Branntips.no er ei ny nasjonal nettside der du kan melde frå til det kommunale brannvesenet om bekymringsfulle situasjonar som kan føre til brann. Du kan òg ringe Os brann og redning direkte på telefon 56 57 53 55.

Uansett kven eller kva bekymringa di gjeld, ønskjer brannvesenet å høyre frå deg. Saman kan vi unngå at brann oppstår og potensielt redde liv. Namnet ditt eller kontaktopplysningane dine vil ikkje bli delte med nokon utan ditt samtykke. Opplysningar du gir til brannvesenet blir behandla konfidensielt. Brannvesenet brukar berre kontaktinformasjonen din i tilfelle dei treng å stille deg nokre spørsmål om saka.

Takk for at du bryr deg!

Eksempel på bekymringsmeldingar:

  • Lagring eller hindringar i rømmingsveg
  • Personar som av ulike årsakar ikkje klarar å ivareta sin eigen branntryggleik og kanskje utgjer ein risiko for andre
  • Brann- eller byggtekniske manglar
  • Dårlege elektriske anlegg eller koplingar
  • Parkerte bilar eller anna som kan hindre brannbilen i å kome fram
  • Oppbevaring av gass i kjellar eller på loft

Les meir på branntips.no