Er du klar for Pepparkakebygdo 2019?

Klikk for stort bileteBli med å lage den største og flottaste pepparkakebygdo Os har sett! Vi ønskjer oss favorittbygget ditt eller  favorittstaden din i pepperkakedeig. Du kan gjerne bake skulen, barnehagen eller arbeidsplassen din, eller kanskje huset der du bur? Alle får sjølvsagt full kunstnerisk fridom! 
I år blir Pepparkakebygdo å finne i Brugata, i lokala der det før var apotek. Den offisielle opninga blir under fakkelfredag 29. november. For å få tid til å bygge ei staseleg pepparkakebygd, må vi få alle bidraga måndag 25. november. Blir du med? Meld frå til kulturkonsulent Stine Kobbeltvedt stko@os-ho.kommune.no eller leiar for Os sentrumsforening Jeanett Kallekleiv jeanett@ossentrum.no.