Er du pårørande til nokon? Korleis har du det?

Svar på denne undersøkinga frå Pårørendealliansen og gi viktige innspel til ein nasjonal strategi for pårørande.

Undersøkinga tar 6-8 minutt. Svarfrist er 1. mars 2018.baronsplassen_vatn - Klikk for stort biletebaronsplassen_vatn Fransisco Munoz / Os kommune

Kring 800 000 nordmenn er til ei kvar tid i ein pårørandesituasjon til barn, ektefelle, foreldre eller andre nære. Pårørande utfører viktige omsorgsoppgåver, og er ein svært verdifull del av omsorgsfelleskapet. 
Difor er det viktig at du ikkje slit deg ut, men kan få støtte og hjelp når det er nødvendig.

Regjeringa, ved helseminister Bent Høie, har varsla at dei vil setje i gang arbeid med ein nasjonal strategi for pårørande. For å lage denne strategien, må dei først få kunnskap om korleis pårørande faktisk har det.

I samband med dette gjennomfører Pårørendealliansen no ei nasjonal undersøking for å få vite meir om, til dømes kva og kor mykje du gjer som pårørande, kva konsekvensar dette har for jobb eller studier og korleis det påverkar helsa di.