Folkehelseaksjonen der "alt er lov"!

plakat_turgaer - Klikk for stort bileteplakat_turgaer

Årets folkehelseaksjon, "Sykle til jobben" startar ons. 19. april. Meld deg på no, så får du registrert poenggivande aktivitetar frå første dag!

Namnet på aksjonen er diverre noko misvisande sidan det ikkje er tale om kun å "sykle" til eller frå jobbb. "ALL" aktivitet, når som helst på døgnet, er muleg å registrere på aksjonen sine nettsider, www.sykletiljobben.no
Det tek under eit minutt å opprette brukarprofilen sin, og så er du i gong! 

Som deltakar i aksjonen vil du i tillegg til dei openbare helseeffektane bidra til eit friskare nærmiljø om du vel bort bilen i dei høva du kan velgje. Ein annan gevist er at du kan vinne premiar frå det nasjonale og lokale premiefondet. Næringslivet i Os har bidrege med premiar til fleire titalls tusen kroner, og kvar fredag kl.1230 vert det trekt nye vinnarar av desse.

Reglane for premietevlinga er bygd opp på lik måte som for den nasjonale tevlinga, men det er ikkje lagt like stor vekt på aktivitetsnivå dei tre fyrste vekene. Då vil det vere tilstrekkeleg med hhv. kun 3, 5 og 10 poeng for å delta i trekningane. For dei resterande seks vekene må ein ha registrert aktivitet for minst 15 poeng per veke (7 dagar) for å delta i trekninga den aktuelle veka.
Den siste veka vil dei to øyremerka hovudpremiane verte trekte. Eit gavekort frå MX Sport vert trekt blant deltakarane blant dei 5 laga som har høgast poengsum.
Likeins vil den andre hovudpremien, ein komplett sykkelpakke frå Stadion Sport, bli trekt blant dei 30 personane som har opparbeid seg høgast poengsum gjennom aksjonen.
For å bidra til så stor entusiasme som muleg blant deltakarane i aksjonen, er det bestemt at ein og same person kun kan delta i premietrekninga 2 gongar. Denne avgrensinga vil ikkje gjelde for deltaking i trekkinga av dei to øyremerkte "hovudpremiane". Då skal sjølvsagt alle få delta av dei som har vore mest aktive, men  ein og same person kan ikkje vinne begge dei øyremerkte hovudpremiane.

Os kommune har von om at alle som kan, vil registrere seg på aksjonen sine nettsider, og vil ønske dykk alle lykke til, når me saman startar opp like etter påske, med folkehelse og miljø i fokus.

For påmelding, sjå nettsidene til aksjonen: www.sykletiljobben.no

Kontakt

Arne Richard Stadaas
arealplanleggar
Telefon: 56 57 51 11