Folkehelseaksjonen, "Sykle til jobben 2017", er snart i gang!

Sykle_til_jobben2017_1 - Klikk for stort bilete Foto: Erlend A. Lorentzen

Om knappe to veker startar årets folkehelseaksjon, "Sykle til jobben". Aksjonen skal vare frå 19.april til 17.juni, og er ingen reindyrka "sykkelaksjon" i arbeidstida.

Nærast alt av aktivitetar kan registrerast på din eigen profil på aksjonen sine nettsider, som du sjølv opprettar. Du treng heller ikkje gjere unna aktiviteten på veg til eller frå jobb, men kan vente til det høver seg best. Eksempelvis kan du registrere aktivitetar som å gå på tur med hunden, ta ein symjetur eller skitur, spele fotball, trene karate, trene på treningsstudio, ja, mest alt går an å registrere! Det handlar kort og godt om å være i aktivitet!

Askøy kommune har no gått forbi Os i talet påmeldte til aksjonen, og Os ligg såleis for augeblinken an til å tape tevlinga mellom dei to tidlegare "folkehelse-konkurrentane". Leiinga er ikkje stor, men det kan synast som om at revansjelysten etter tapet mot Os forrige gong no for alvor er vekt blant Askøyværingane.

Primus sykkelmotor for folkehelseaksjonen i Os, Arne-Richard Stadaas, oppfordrar difor samtlege Osingar om å registrere seg på aksjonen sine nettsider. Spesielt enkelt vil det jo være for dei mange som allereie er aktive, som berre treng å loggføre det dei allereie held på med. Stadaas opplysar om at premielista no nærmar seg å bli komplett, og at han har von om at denne vil løyse ut eit ekstra engasjement. Ei rekkje av verksemdene i Os har gjeve svært generøse gåver til aksjonen, så Stadaas er trygg på at dei som vinn hovudpremiane kjem til å verte både overraska og svært nøgde!

"Meld dykk på aksjonen. Me er alle som deltek vinnarar i form av betre helse, men gleda over å vinne ein flott premie er det beste av alt; med unnatak av gleda over å slå Askøy, då sjølvsagt!"
For påmelding: www.sykletiljobben.no

Kontakt

Arne Richard Stadaas
arealplanleggar
Telefon: 56 57 51 11