Gjer hjartestartaren synleg på kartet!


Skilt / logo: Vi har en hjertestarter - Klikk for stort bileteNettstaden 113.no er eit nasjonalt register over hjartestartarar. Registrering her kan vere avgjerande ved hjartestans.
 
I Helse Bergen sitt opptaksområde er det i snitt 25 personar kvar månad som får hjartestans. Fire av desse (ca. 15%) har fått behandling med hjartestartar av lekfolk før helsepersonell er framme på staden. Helse Bergen opplyser at tidleg bruk av hjartestartar gir betre overleving ved hjartestans utanfor sjukehus. Ved å registrere fleire hjartestartarar, kan bruken av dei bli langt betre.

Registrerte hjartestartarar på 113.no er synlege i AMK-sentralen sitt kartverk. Ved hjartestans kan 113-operatøren be personar på staden hente hjartestartar på spesifikk adresse. 113-operatøren rettleier innringar i hjarte-lunge-redning (HLR) og forklarar korleis hjartestartaren skal brukast. Defibrillering med hjartestartar kan gjerast samstundes med HLR. Jo fleire hjartestartarar som blir registrert, jo fleire personar kan få tidleg defibrillering ved hjartestans. Tilgang til hjartestartarar gir betre tryggleik i akutte situasjonar.

Per i dag viser 113.no sitt oversiktskart 22 hjartestartarar i Os, fordelt på kommunale bygg, bedrifter, idrettslag og organisasjonar, og nokre på private adressar. Veit du om fleire? Os kommune oppmodar alle bedrifter og foreiningar om å registrere hjartestartarane sine på 113.no.

Dersom du har ansvar for ein hjartestartar som alt er registrert, sjekk gjerne på kartet at han er heilt riktig plassert, og at det er godt forklart kvar han er å finne. Spart tid kan redde liv!