Høgare rekning enn i fjor? Auka avløpsgebyr er årsaka

Klikk for stort bilete Vi har nettopp sendt ut faktura for kommunale gebyr for første termin 2019. Du som er kopla til det kommunale avløpsnettet, reagerer kanskje på at avløpsgebyret er høgare enn i fjor?
Årsaka er at Os kommune har gjort store investeringar innan avløpsområdet, mellom anna det nye hovudreinseanlegget OHARA.
Vass- og avløpsområdet er eit såkalla sjølvkostområde. Dette vil seie at alle kostnadar innanfor området må dekkast inn av gebyrinntekter. Når kostnadane aukar, som dei gjer no, må vi diverre òg auke gebyra.

Har du fått faktura i posten, sjølv om du har e-fakturaavtale med Os kommune?

Vi beklagar feilen! Du vil få neste faktura elektronisk som vanleg - du treng ikkje opprette nye e-fakturaavtale.

Har du spørsmål om fakturaen og/eller kommunale gebyr?

Vi høyrer gjerne frå deg på kommunalegebyr@os-ho.kommune.no