Hugs å følge psykevettreglane!

Klikk for stort bileteVerdensdagen for psykisk helse blir markert 10. oktober, men det å leve etter psykevettreglane er like viktig kvar einaste dag. Årets tema er #gitid, og handlar om at vi må vere romslege med både oss sjølve og kvarandre. Kva med å spørje nokon om korleis dei har det i dag? Og ta deg tid til å verkeleg lytte til svaret? Ha ein god dag!