Hugs re-registrering til kulturskulen før 1. april!

dansens-dag-2015-foto-wim_dsc2827 - Klikk for stort bilete Er du elev i kulturskulen eller står du på venteliste?
Hugs å re-registrere deg innan 1. april dersom du ønskjer å halde fram som elev eller framleis stå på venteliste neste skuleår. 

Re-registrer deg her (innlogging med MinID)

Foto: Wim Hetland/Midtsiden.no

Dersom du er usikker på om du vil behalde plassen, til dømes grunna overgang til vidaregåande skule eller utveksling, kan du re-registrere deg innan fristen og seie opp plassen eller søke permisjon nærmare skulestart. Vi kan gi permisjon inntil eitt skuleår om gongen.

Ønskjer du å slutte i kulturskulen? Logg inn på den same lenka og vel "nei".