Hugs søknad eller re-registrering til kulturskulen før 1. april!

Klikk for stort bilete Vil du søke plass i Bjørnafjorden kulturskule, er du alt elev eller står du på venteliste?  

1. april er fristen for å søke om plass i kulturskulen. Her søker du om plass. 

Hugs å re-registrere deg innan 1. april dersom du ønskjer å halde fram som elev eller framleis stå på venteliste neste skuleår. Re-registrer deg her (innlogging med MinID)

Dersom du er usikker på om du vil behalde plassen, til dømes grunna overgang til vidaregåande skule eller utveksling, kan du re-registrere deg innan fristen og seie opp plassen eller søke permisjon nærmare skulestart. Du kan få permisjon inntil eitt skuleår om gongen.

På biletet øver elevar og lærarar til konserten Fiesta Latina i Oseana i 2017. Foto: midtsiden.no