Hurra! Sjå 17. mai-programmet for Os kommune

Flagg 17.mai program - Klikk for stort bilete

Tradisjonen tru er programmet spekka med gode aktivitetar og opplevingar. Programmet blir oppdatert, så følg med for eventuelle endringar.

Her finn du 17.mai-programmet for 2018

- Det meste av planlegginga er klart til den store folkefesten. Vi kan garantere nok ein tradisjonsrik 17. mai-fest for store og små, seier medlem av 17.mai-komiteen, Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga.

- Det meste ligg til rette for ei fin feiring, og det er jo alltid fint vêr på 17. mai, ler Stine Kobbeltvedt, medlem i 17. mai-komiteen frå kultureininga i Os kommune. 


Ruta er korta ned

Ruta til 17. mai-toget er korta ned frå i fjor. Sidan sjukeheimen står tom, vil ikkje toget gå innom her. Elles vil det meste vere likt, og løypekart og område for parkering er fastsett.
- Vi oppmodar alle til å berekne god tid, seier Stine Kobbeltvedt. Parkering er utanfor sentrum og alle bør berekne ekstra tid for å kome seg inn til områda i sentrum.
- Hugs at det er mange som beveger seg rundt på same tid, og det er mange barn og barnevogner i sentrum, avsluttar Kjetil. 

Parkering og kart 17.mai 2018 - Klikk for stort bileteParkering og kart 17.mai 2018

17.mai på Kyrkjeflaten

Det har vore usikkerheit om Kyrkjeflaten blir egna for oppmøte av tusenvis med feststemte osingar på grunn av mykje overvatn. Les sak på midtsiden.no.17.maikomiteen har måtta sjå på alternativ, og lenge har det vore aktuelt og flytta feiringa til grusplassen utanfor Os ungdomsskule. Måndag 14.mai kunne kultureininga gledeleg dele at Kyrkjeflaten er tørka opp, og med nokre få sperreband vil den grøne sletta vere klar for 17.mai-feiring om tre dagar!  

Mange fine 17. mai-teikningar

Tradisjon tru har det vore ein konkurranse mellom 5.klassane i Os om å teikne 17.mai-teikninga til programmet. 17.mai-komiteen vel ut tre vinnarteikningar som alle kjem med i programmet. Dei tre vinnarane vil bli kontakta direkte, og får overlevert ein premie på scenen i Os sentrum på 17.mai.
- Det var ikkje enkelt å velje ut vinnarane blant mange fine forslag. Vi valde blant teikningar som fekk fram tema for årets konkurranse som var Bjørnafjorden, sier Stine Kobbeltvedt. Med fri fantasti og tema Bjørnafjorden var det ikkje overraskande mange fine bjørnar og symbol på vennskap mellom Os og Fusa i fleire av teikningane! 
 

Her er dei tre vinnarane av teiknekonkurransen:

17.mai program vinnarteiking - Klikk for stort bilete                                                Teikna av Emil i 5. klasse på Nore Neset barneskule
 

Teking 17.mai program 5 klasse 2018 - Klikk for stort bilete Teikna av Leah i 5. klasse på Søre Øyane barneskule
 

Tekning 17.mai program 2018 - Klikk for stort bilete Teikna av Amalie i 5.klasse på Os barneskule