Informasjon til media i samband med valdagen 9. september

stortingsval2017 - Klikk for stort bilete

 

Valsekretariatet i Bjørnafjorden kommune håpar denne informasjonen kan bidra til ei så smidig valavvikling som mogeleg for både media og oss som jobbar med den praktiske gjennomføringa på valdagen 9. september.

Film/foto i vallokala/ved stemmegiving

Bjørnafjorden kommune har 12 vallokale, seks i Os kommune og seks i Fusa kommune. I Noreg blir det gjennomført hemmelege val. Det tyder at ein ikkje skal vite kven den stemmeføre har stemt på, og heller ikkje avsløre kven som har stemt.
I praksis inneber dette at media ikkje kan filme eller ta bilete i vallokala utan nærare avtale med leiar av røystestyret for det aktuelle vallokalet, og særskilt samtykke frå den eller dei som blir tatt bilete av/filma. Vi ønskjer å spele på lag med media, men ber om respekt for desse reglane.

Oppteljing av førehandsstemmer/tilgang til førebels resultat av førehandsstemminga før sperrefrist

Det er sperrefrist på resultata av førehandsstemmene til kl 21.00.01 måndag 9. september 2019.

Media kan likevel få tilgang til resultata på førehand, slik at de kan førebu dykk. Det er berre den/dei i redaksjonen som har signert teiepliktskjemaet som kan få tilgang til resultata før sperrefristen. Desse resultata må ikkje formidlast til politikarar eller andre. Signering av teiepliktskjema og utlevering av resultata av førehandsstemmene skjer fysisk på Os rådhus. Tilgang til resultata vil bli gitt på møterommet Svinningen, inngang B (mot torget), 4. etasje på Os rådhus kl. 18.00. Dei førebelse resultata vil ikkje bli distribuerte elektronisk eller før kl. 18.00.

Førebelse resultat frå dei 12 valkrinsane i Bjørnafjorden kommune vil bli fortløpande publiserte på valg.no etterkvart som dei er klare. Det er vanskeleg å seie noko om nærare tidspunkt for dette. Alle vallokala stenger kl. 21.00.
Ei første oppteljing som dannar grunnlaget for dei førebelse resultata startar umiddelbart etter at vallokala stenger. Det er grunn til å tru at dei første resultata vil vere klare om lag kl. 21.30.

Film/foto i oppteljingslokalet

For at oppteljing og registering av stemmene skal gå så effektivt som mogeleg, vil ikkje oppteljingslokalet vere allment tilgjengeleg for media. Men media kan etter avtale få tilgang ein kort periode for ta bilete/filme innklippsbilete. Valsekretariatet vil kunne svare på tekniske/praktiske spørsmål kring sjølve oppteljinga, men kjem ikkje til å kommentere valresultata.

For tilgang til oppteljingslokalet, kontakt mediekontakt i valsekretariatet Andris Hamre, telefon 479 06 111 på valdagen.

Arbeidsrom for media

Møterommet Svinningen vil vere tilgjengeleg som arbeidsrom for media fram til kl. 23.00.

Kontaktperson for media

Andris Hamre, tlf. 479 06 111.

Valvaker

Valsekretariatet har (frå partia sine facebooksider) registrert følgjande valvaker på valdagen:

  • Ap: Bar(t), Kaien, 5203 Os
  • Frp: Liens Kafe og Musikkbar, Brugata 5, 5200 Os
  • H: Vognhallen, Mobergsbakken 9, 5200 Os
  • MDG: Bar(t), Kaien, 5203 Os
  • SV: Os Sanitetsforening, Kløvertun, Landboden 45, 5203 Osøyro
  • KrF, V, Raudt, Sp: Har ikkje informasjon om valvaker