Jarle Kvalvik tilsett som kommunalsjef for Samfunnsutvikling

Klikk for stort bileteJarle Kvalvik er tilsett som kommunalsjef for Samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune. Bergen kommune   - Det er ei glede å melde at Jarle Kvalvik har takka ja til stillinga som kommunalsjef for Samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune, seier rådmann Christian Fredrik Fotland.

Jarle Kvalvik (50) har lang fartstid frå offentleg sektor. I dag er han kommunalsjef for tekniske tenester i Askøy kommune. Før dette var han utbyggingssjef i Bergen kommune, der han hadde ansvar for heile investeringsporteføljen til kommunen.

Med ein master i Facility Management, ingeniør i marinteknikk og masterprogram i økonomi og leiing, har Kvalvik ei solid utdanning innan både tekniske fag og økonomisk/administrative fag,

Kvalvik har også vore kommunalsjef i Øygarden kommune,  driftsdirektør i BOB og leiar for UiB  Eiendom.

Oppstartstidspunkt er ikkje avklart enno. Lisbeth Axelsen held fram som konstituert kommunalsjef for Samfunnsutvikling fram til Kvalvik startar.

Her kan du sjå stillingsutlysinga.