Vil du hjelpe oss å bli betre? Svar på undersøkinga om service i Os kommune

Osrose_72dpi - Klikk for stort bilete Det skal vere enkelt å få hjelp og svar i Os kommune. 
Vi ønskjer å vite meir om korleis du vel å kontakte oss i kommunen i dag - og kva vi kan gjere for å gi deg endå betre service når vi blir Bjørnafjorden kommune i 2020.

Slik svarar du på spørreundersøkinga

Du kan svare på undersøkinga ved å klikke her.

Ønskjer du å svare på undersøkinga på papir? Kom innom Kommunetorget på Os rådhus eller ring oss på 56 57 50 00.

Undersøkinga blir avslutta fredag 19. oktober klokka 14.

Det er til stor hjelp om du tar deg tid til å svare på undersøkinga. Alle som svarar er med i trekkinga om fire gåvekort à kr 1000 til Oseana kunst- og kultursenter. 
På førehand tusen takk for hjelpa!

Har du spørsmål om undersøkinga? Ring oss på 56 57 50 00.

Har du ikkje fått SMS?

Då kan det hende at du ikkje er registrert i varslingssystemet vårt. Det kan vere fordi telefonen er registrert på arbeidsgivaren din, fordi du har hemmeleg nummer eller fordi dei registrerte opplysningane er feil.