#KLEMOS Fotokonkurranse

Er du ein dyktig hobbyfotograf? Eller berre glad i å ta gode bilete? Vi utlyser ein eigen fotokonkurranse! Temaa for konkurransen er klima, energi og miljø. Dei beste bileta vil få gode premiar og ein sentral plass i den nye klima-, energi- og miljøplanen (KLEM-planen) for Os kommune. Du deltar ved å nytte emneknaggen #klemos.  

fotokonkurranse KLEMOS - Klikk for stort bilete

Bakgrunn for konkurransen

I samaband med utarbeidinga av klima-, energi- og miljøplanen (KLEM-planen) for Os kommune utlyser vi ein eigen fotokonkurranse, for å få gode bidrag og bilete til planen. Vi ønsker gjerne motiv frå Os, men du har óg høve til å levere bilete frå andre område eller kommunar. Vi har 3 tema for konkurransen: Klima, energi og miljø.

Korleis kan du delta?

Bileta leverer du ved å bruke emneknaggen #klemos på Instagram eller Facebook. Du kan óg sende bileta som vedlegg på epost til arrs@os-ho.kommune.no. Merk eposten med «Fotokonkurranse». Dei  som sender inn på epost må merke seg at vi gjerne ønskjer å vise fram dei innsendte bidraga etter at konkurransen er ferdig. 

Siste frist for innsending er 2. september.

Premiar

Vi trekker 3 vinnarar innanfor 3 tema: Klima, energi og miljø. Vinnarane får tildelt følgjande premiar:

  • 1. premie: 3 gåvekort á 2000,-
  • 2. premie: 3 gåvekort á 1500,-
  • 3. premie: 3 gåvekort á 1000,-
  • Ekstrapremiar: Inntil 10 gåvekort á 250,-

Alle gåvekort er frå Sport Norge Os.

I tillegg til gåvekort vil vinnarane få plass i den nye KLEM-planen for Os kommune. Denne ferdigstillast våren 2019. I tillegg vil bidraga og den øvrige innsatsen få heiderleg omtale.

Vi annonserar vinnarane i veke 37. Merk at ein deltakar ikkje kan premierast for meir enn eitt bilete per tema (maksimalt 3 premiar per person).

Os kommune forbeholder seg retten til å bruke vinnarbileta i fire år.

Bli med å #klemos!