Kommunen tek over borgarleg vigsel

Kommunen tek over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg frå 1. januar 2018.

Borgarleg vigsel i Os kommune - Klikk for stort bilete

Kven kan vigsle?

Ordførar og varaordførar er mellom dei som har mynde til å vigsle eit brurepar. Kommunestyret kan i tillegg velje andre tilsette eller folkevalde i kommunen. 

Ta kontakt med oss for å få vite kor og når det er mogleg å gifte seg.

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Dersom du ikkje bur i kommunen du skal gifte deg i, og den som vigslar deg ikkje er frå din kommune kan det medføre kostnadar. Det får du vite når du tek kontakt.

Kriterium/vilkår for vigsel

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg.

Ekteskapsloven

Forskrift om registrering og melding av vigsel

Forskrift om kommunale vigsler

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to–tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Alle desse skjema får du hos Skatteetaten.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med kommunen for tinging av vigsel. Attesten må ikkje være eldre enn 4 månader ved vigsel. Om val av vigslar har betyding kan særskilt vigslar kontaktast for å avtale tid før prøvingsattest føreleggar.

De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hos kommunen.

De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.

Spesielt for utanlandske statsborgar: Dokumentasjon for lovlig opphald i Norge. Alle utanlandske statsborgarar, med unntak av nordiske borgarar, må dokumentere lovleg opphald i Norge på vigselstidspunktet. Dette vert gjort ved innlevering/innsending av prøvingsattest, eller seinast en dag før vigsel avhaldast.

Seremonien

Kommunen gjev deg tilbod om eit høveleg lokale og om kva tidspunkt dei kan tilby vigslar. Om det er ønskelig med mange gjester under seremonien vert det anbefalt andre lokale.

Det kan på førehand avtales at vigselen skal foregå på engelsk. Dersom paret verken forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med seg en kvalifisert tolk.

Brudepar og vitne må ha gyldig legitimasjon til vigselen.

Paret med følgje må møte opp i god tid før avtalt tid for vigsel. Paret må vise legitimasjon før seremonien startar. Vi godtar gyldig pass, eller norske førarkort og bankkort med bilde og personnummer. Asylsøkjarbevis godtas ikkje som legitimasjon.

Det er satt av cirka 15 minuttar for kvart par. I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», (lenke) som er ein tekst som vigslaren les opp. Deretter blir paret spurt om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar paret, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Kommunen sender deretter ei vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Det er anledning til å sette på ringar under seremonien. Vennlegast gi beskjed om dette til vigslaren før seremonien startar. Desse tas på når vigselsmann/kvinne har erklært dere for ektefolk.


Som ein del av seremonien ønskjer enkelte å inkludere musikk eller diktlesing. Brudeparet kan òg ta med eigne instrument, ev. cd-spelar. Om kunstnariske innslag ønskast, må brudeparet gje beskjed om dette på førehand, men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald. Brudeparet må sjølv ta med slikt utstyr.


Fotografering og filming kan skje under og etter seremonien i forståelse med paret.