Korleis har du det og korleis trivst du i nærmiljøet ditt?

Folkehelseundersøking i Hordaland 1 - Klikk for stort bilete Dette er noko av det om lag 70 000 hordalendingar blir spurde om i folkehelseundersøkinga som går ut i desse dagar.

I desse dagar vert om lag 70 000 hordalendingar frå 18 år til dei eldste heimebuande inviterte til å svare på spørsmål relatert til folkehelse. Til skilnad frå ei helseundersøking, skal Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018 finne ut korleis helsa er fordelt i fylket og kva faktorar som påverkar helsa lokalt.
For å få svar på dette blir det stilt spørsmål om sjølvopplevd helse, om korleis du trivst, korleis du lever og korleis du opplever nærmiljøet ditt.
­– Vi vil leggje til rette for at det er god folkehelse i Hordaland, men då må vi rett og slett vite korleis folk har det. Derfor gjennomfører Hordaland fylkeskommune denne store undersøkinga saman med Folkehelseinstituttet. Om mange nok svarar, kan både fylkeskommunen og kommunane setje i gong tiltak som kan komme innbyggarane til gode og betre folkehelsa, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Hordaland første fylke med heildigital spørjeundersøking

Dei som er blitt invitert til å delta i undersøkinga, er tilfeldig trekt ut frå Folkeregisteret, men uttrekket er representativt i høve til alder, kjønn og bustadkommune. Invitasjon til å delta er sendt ut anten via SMS eller e-post, alt avhengig av kva ein sjølv har lagt inn som kontaktpunkt med det offentlege. Hordaland er det fyrste fylket som mottek spørjeskjemaet heildigitalt. Svara er sjølvsagt anonyme, og undersøkinga er godkjend av Datatilsynet.
–Slike fylkesundersøkingar er viktige for å få eit godt grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet. Vi håper at flest mogleg vil takke ja til å delta. For jo fleire som deltar, jo betre kunnskapsgrunnlag får vi, seier direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

Info på hordaland.no og telefonhjelp

Du kan svare på spørjeskjemaet på engelsk, nynorsk og bokmål. Dersom du slit med å gjennomføre undersøkinga elektronisk, kan du ringe 408 06 282 for å få rettleiing.
På Hordaland fylkeskommune sine nettsider finn du meir informasjon om undersøkinga og kor du kan vende deg for svar og rettleiing.
– For oss er det viktig at alle som blir inviterte til undersøkinga svarar. Vi har prøvd å leggje til rette for dette på ein god måte, seier prosjektleiar Aina Haugstad i Hordaland fylkeskommune.

Folkehelsearbeidet i Hordaland

I dei seinare åra er det blitt meir og meir fokus på folkehelsearbeid. Forhold som vedkjem folkehelse, skal inn i alle planar fylkeskommunen og kommunane held hand om.
– Å leggje til rette for god folkehelse har mykje å seie for samfunnet og for helsa til den enkelte. Derfor er dette viktig, og derfor har vi stort fokus på folkehelsearbeidet i Hordaland, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Resultata frå Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018 kjem òg kommunane til gode. Dersom svarprosenten er høg nok, får dei største kommunane i Hordaland eigne rapportar. For dei mindre kommunane kjem rapportane på regionsnivå for å sikre anonymiteten. Resultata kan òg bli brukte til seinare forsking.

Helse er ikkje eit individuelt val

Folkehelse handlar om forholda vi lever i - kvar og korleis vi blir fødde, veks opp, leikar, utdannar oss, arbeider og eldast. Vi blir påverka av omgjevnadene våre. Helse er derfor ikkje eit individuelt val.

– Dette ser vi tydlegast gjennom den sosiale ulikskapen som finst i helse, seier Aina Haugstad. - Det er klåre samanhengar mellom kva for ressursar og kva for helse befolkninga har. For å kunne setje i verk gode tiltak og riktige prioriteringar, treng vi kunnskap og dokumentasjon. Det er målet med denne undersøkinga, seier Aina Haugstad.

No håpar ho at osingane brukar dette høvet til å svare, slik at både fylkeskommunen og kommunane kan leggje endå betre til rette for god folkehelse i Hordaland.