Korleis skal Os sjå ut i framtida?

Klikk for stort bileteDå planavdelinga i Os kommune i 2016 varsla oppstart av ny arealplan, kom det inn heile 300 innspel. Rundt 200 av dei blei tekne med i det vidare arbeidet, og etter fleire rundar med politisk behandling er det ferdige planforslaget no lagt ut til offentleg ettersyn. "Kommuneplan for Os 2019-2030 Arealdelen - Planskildring" erstattar gjeldande arealplan, som blei vedteken i 2012.  

Tre slags senter
– Kommuneplanen sin arealdel (KPA) angår alle innbyggjarar, ettersom det er ein del av kommunen si langsiktige planlegging, seier Asle Andås, plansjef i Os kommune. Han understrekar at arealplanen er ein overordna plan som ikkje tek for seg detaljar.

Det nye med arealdelen til kommuneplanen er vektlegginga av senterstrukturen i Os. I framtida blir det tre nivå på sentra. Osøyro blir regionsenter for Bjørnafjorden. Lysefjorden blir lokalsenter, fordi planleggjarane ser for seg at med ny E39 er Lysefjorden den krinsen som kjem til å veksa mest. Fire krinsar får status som nærsenter: Søfteland, Nore Neset, Søre Neset og Søre Øyane. Arealplanen legg opp til at utbygging og fortetting skal konsentrerast i desse sentrumsområda. Det er også her det er mest relevant å sende inn eventuelle merknader i denne høyringsrunden. 

Undervegs i arbeidet med planen har kommunen henta inn ei rekke rapportar, mellom anna kartlegging av strandsona, forvaltningsplan for Oselvvassdraget, spesielt med tanke på laks og elvemusling, støyanalyse og landskapsanalyse

Her kan du bla i karta og dokumenta som følgjer arealplanen.