Korleis står det til i skulen i Os?

Klikk for stort bileteElevane i Os trivst på skulen, og resultata frå nasjonale prøvar syner ei positiv utvikling over tid. Det er kortversjonen av Tilstandsrapport for barnehage og skule 2019, (PDF, 5 MB) som oppveksteininga presenterte for Os kommunestyre i går.

Ein gong i året er kommunen pålagt å legge fram ein rapport om tilstanden i opplæringa. Rapporten skal drøftast i kommunestyret, slik at politikarane er oppdaterte på læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Os kommune vel å legge fram ein samla tilstandsrapport for barnehage og skule, fordi utvikling av innhald og kvalitet i barnehage og skule heng tett saman. 

Nasjonale prøvar på femte trinn for dei fem siste åra viser at hovudtrenden i Os kommune er positiv. Elevane gjer framgang både i lesing, rekning og engelsk. Kommunalsjef oppvekst Line Rye meiner dei gode resultata kjem av satsing på m.a. prosjektet Betre læringsresultat, forsterkingslærar i klassane, leselos og vidareutdanning av lærarar. Ho påpeikar at politikarane har vore tålmodige og har gitt oppveksteininga høve til å arbeide langsiktig.   

Resultata for 8. trinn på nasjonale prøvar er noko svakare enn ønska, medan 9. trinn hadde gode resultat. 
Grunnskulepoeng er òg med i rapporten. Det handlar om elevane sine samla resultat på 10. trinn, altså både standpunkt- og eksamenskarakterar. Her har Os kommune hatt jevnt god resultat, men med ein liten nedgang førre skuleår. Vi reknar med å løfte dette resultatet igjen.  

Systematisk arbeid for eit godt skulemiljø
Medan nasjonale prøvar måler grunnleggande ferdighetar i lesing, skriving og rekning, seier den obligatoriske elevundersøkinga for 7. og 10 trinn noko om korleis elevane har det på skulen. Resultata frå begge trinn viser at elevane i Os trivst på skulen, og dei svarar at dei får god støtte frå føresette og lærarar. Elevane på sjuande trinn er motiverte, og opplever at dei er med og påverkar skulekvardagen sin. Tiandeklassingane er noko mindre motiverte, og opplever mindre påverknad.
Rapporten slår fast at ein elev som blir mobba er ein for mykje. Det er få elevar i Os kommune som svarar at dei blir mobba, men dei som opplever mobbing har det vanskeleg, og difor foregår arbeidet mot mobbing heile tida.

Sjåast i morgon
Elevundersøkinga handlar òg om trivsel og å høyre til, og det å vere til stades på skulen. Oppveksteininga jobbar medvite med fråværssaker, heilt frå barnehagen. Tiltakspakken «Sjåast i morgon» (PDF, 843 kB) (SIM) blei utarbeidd av kommunepsykolog og PPT i Os i 2016. SIM er blitt eit viktig verktøy for skulane i arbeidet med elevar som har eit fråvær skulen er bekymra for. Andre kommunar er interesserte i korleis Os kommune arbeider med skulenærvær. Oppfølginga skal vere lik same kvar i kommunen du bur, difor blir «Sjåast i morgon» presentert for føresette på alle skulane.