Kva for motiv meiner du skal pryde Bjørnafjorden sitt kommunevåpen?

Spørsmålsteikn kommunevåpen - Klikk for stort bilete Send inn ditt forslag til motiv i kommunevåpenet, og ver med i trekninga om fine premiar.

Bjørnafjorden kommune skal få sitt eige kommunevåpen innan utgangen av 2018. No kan du og alle andre som vil kome med forslag til kva for symbol eller motiv som skal pryde våpenet.

Kva meiner du er typisk for Bjørnafjorden? Kva ord, symbol eller naturfenomen er typisk for dette området? Er det dyr, planter, landskapsformer, gjenstandar, historiske symbol eller anna vi kan bygge på? Du kan sjølvsagt òg foreslå element frå dei eksisterande våpna til Os og Fusa.

Les meir om prosessen fram mot eit nytt kommunevåpen 

Vi ønskjer forslag i tekst – ikkje i bilete.

Send oss ditt forslag til motiv

Du kan òg levere forslaget ditt på papir i Kommunetorget på Os rådhus og i Kommunetunet i Eikelandsosen. Hugs å skrive på namn og telefonnummer.

Siste frist til å kome med forslag er fredag 16. mars. Vi vil trekke ut nokre heldige vinnarar av fine premiar.

Lukke til! Vi gler oss!