Kva skal Nore Neset vere i framtida?

Klikk for stort bilete Bur eller arbeider du på Nore Neset? No har du sjansen til å påverke utviklinga av Nore Neset som nærsenter. 
Korleis er det å bu på Nore Neset? Kva er Nore Neset for deg? Kva er bra? Kva saknar du? Dette er spørsmål Os kommune gjerne vil drøfte med deg som kjenner Nore Neset.
Måndag 21. januar klokka 18.00-20.00 er det grendamøte på Nore Neset ungdomsskule. Lag, organisasjonar og privatpersonar kan gjerne kome med innspel før møtet. Send e-post til noreneset@asplanviak.no.  
Tysdag 22. og onsdag 23. januar mellom klokka 12.00 og 18.00 er alle interesserte velkomne innom til ein prat på ope prosjektkontor i Nore Neset aktivitetshus.