Kven fortener Bedriftsutviklingsprisen for landbruket 2019?

Klikk for stort bilete

 

Har du starta eller kjenner du til ei vellukka bedrift som driv berekraftig med utgangspunkt i landbruket og bygdene sine ressursar?
Då kan du nominere bedrifta til Bedriftsutviklingsprisen for landbruket 2019.

Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
Kvart fylke kårar ein vinnar som får 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek så i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner. Den nasjonale prisen vil bli delt ut under Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2020.

Kandidatane blir vurderte etter følgjande kriterium:

Berekraft:

  • Økonomisk resultat/lønnsemd
  • Sosialt, som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Miljømessig, som utnytting av lokale ressursar, fremjing av lokal kultur og reduserte utslepp

Innovasjon/nyskaping

Les meir og nominer din kandidat til Bedriftsutviklingsprisen på Innovasjon Norge sine nettsider

Frist: 20. august 2019