Ledig stilling som organisasjons- og innovasjonssjef


Illustrasjonsfoto Oselvar - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto Oselvar Francisco Munoz

Den nyoppretta stillinga får ei sentral rolle i toppleiargruppa, og rapporterer til rådmannen.  Ansvarsområdet vert interne prosessar, utviklingsarbeid, kvalitetsarbeid og innovasjonsprosjekt i samband med kommunesamanslåinga Os og Fusa. I dette ligg blant anna vidareutvikling av digitale styrings- og informasjonssystem, og arbeidsprosessar.  Organisasjons- og innovasjonssjefen får overordna ansvar for stabsavdelingane i kommunen.

Vi ser etter ein leiar med godt heilskapsoversyn, og prosjekt- og prosesserfaring frå omstilling i profesjonell organisasjon.  Er du og flink til å fremja samarbeid og relasjonar kan du passa i stillinga. Du må ha relevant høgare utdanning og leiarerfaring frå kompleks organisasjon. 

Kontakt gjerne rådmann Christian F. Fotland, tlf. 991 21 809 eller Headvisor ved Rune M. Bruket, tlf. 971 38 423 / Janne Siri Horne tlf. 907 21 164. 

Søknad snarast, og innan 17. september.  Søknadskjema (digitalt)

Kontakt

Christian Fredrik Fotland
Christian Fredrik Fotland
rådmann
Telefon: 56 57 50 37
Mobil: 991 21 809