Lekkasjesøk i vassleidningsnettet

Lekkasjesøk - Klikk for stort bilete Mykje vatn forsvinn på vegen mellom vasskjelda og krana di heime på grunn av hòl og brot i leidningsnettet.
For å tette lekkasjar, vil vi drive lekkasjesøk på vassleidningsnettet i haust og vinter.
Bergen Vann utfører arbeidet på vegne av Os kommune. Arbeidet vil gå føre seg til ulike tider, også nattestid.
Nokre gonger kan det bli nødvendig å krysse private eigedomsgrenser i samband med søk. Vi håpar på forståing for dette.

Vi minner om at det ikkje er tillate å la vatnet renne for å hindre at det frys. Frosttapping lastar vassnettet unødig, og vil gjere lekkasjesøket endå vanskelegare. Takk for samarbeidet!